Hopp til innhold

Sjuke av muggsopp i Vik

Tilsette i Vik kommune meiner å ha fått helseplager på grunn av muggsopp på kommunehuset. Fleire kontor er no stengt.

Kommunehuset i Vik

Årsaka til problema med muggsopp på kommunehuset i Vik skuldast dårleg vedlikehald ifølgje ein rapport.

Foto: Ottar Starheim / NRK

Det er kommunen sjølv som har oppdaga muggsoppen. Ein rapport frå Norsk inneklima og arbeidsmiljø har konkludert med at det er fukt utanfrå som vert sugd inn i betongveggane.

- Eit alvorleg problem

Rådmannen i kommunen ser alvorleg på situasjonen.

- Enkelte av dei som jobbar hos oss meiner dei har fått helseplager av dette. Så det er eit alvorleg problem vi står ovanfor her, difor er vi berre nøydde å få gjort noko med det, seier rådmann Oddbjørn Ese.

Dårleg vedlikehald får skulda

Årsaka til muggsoppen er ifølgje rapporten tilfeldig og dårleg vedlikehald av fasaden. Og Ese vedgår at dette er eit forsøkt område.

- På same måte som andre kommunale bygg har kommunehuset i Vik vore utsett for manglande vedlikehald over lengre tid. Det er vel det ein ser resultatet av her, seier Ese til NRK.no.

Muggsoppen er i første etasje på bygningen. Her er det svært dårleg luftutskifting, står det vidare i rapporten frå Norsk inneklima og arbeidsmiljø. Kommunen er no i gang med tiltak.

- I deler av bygget har vi ikkje hatt ventilasjon, noko vi er i ferd med å få på plass, seier Ese.

Har stengt fleire kontor

Soppangrepet er så alvorleg at nokre kontor no er stengt.

- Dei kontora som har vore mest utsett, har vi stengt. Tilsette som har arbeidd her har fått kontorplass andre stader, seier Ese.

Kommunen veit førebels ikkje kva det vil koste å fjerne muggsoppen, men fryktar det kan bli ei dyr affære.

- Dersom vi skal gjennomføre tiltak som både fjernar soppangrepet og det som er årsaka til angrepet, så kan vi snakke om ganske store summar. Skal vi gjere det må vi gå laus både innvendig og utvendig, seier Ese.