Hopp til innhold

Ingen kø ved Lavik-Oppedal

Trass haustferie var det under normal helgetrafikk på ferjesambandet E39 Lavik-Oppedal søndag.

Nyeferja "Lifjord" på sambandet Lavik-Oppedal.

Frå M/F Lifjord kan dei melde om uvanleg lite trafikk for ei haustferiehelg å vere.

Foto: Malena Nyland

Allereie måndag gjekk Statens vegvesen ut og varsla om lange køar på ferjestrekninga Lavik – Oppedal i helga.

Årsaka var at haustferien starta på fredag, både i Hordaland og Sogn og Fjordane.

Men spådommane til vegvesenet slo ikkje til.

Frå ferja M/F Lifjord, som fraktar bilistar mellom Lavik og Oppedal, kan dei melde om overraskande lite trafikk.

- Vi har ikkje hatt køar i det heile tatt, seier overstyrmann Rudolf Steiner.

På det meste har ferja sett att sju til åtte bilar på kaia. Det vil seie at det har vore maksimalt ein halv times ventetid.

Hadde budd seg på mykje trafikk

På lik linje med Statens vegvesen var Fjord1 budd på mykje meir trafikk denne helga.

- Vi hadde oppbemanna med ekstra billettørar på kaia, så vi kunne ha ein mann på kvar side, men det var ikkje nødvendig, seier Steiner.

I det store og det heile har det samla set vore mindre trafikk i dag enn på ein vanleg søndag. Kva det skuldast veit ikkje Steiner.

- Eg veit ikkje kva som har skjedd. Vi er i grunn ganske overraska.

Vegvesenet oppfordra tidlegare i veka bilistar til å velje alternative rute, så det rådet har kanskje blitt lytta til.

Ingen sure bilistar

Sjølv om dei lange køane aldri kom, har det vore litt meir trafikk nordover enn det som er normalt.

No bur dei seg heller på storinnrykk komande helg, då alle skal heim frå haustferien.

- Vi hadde ingen sure bilistar på ferjekaia i dag, konkluderar overstyrmannen.