Her gjekk turen.
Første matpause, etter ein halv time. Terje er glad i mat. Årseth-grova pyntar opp lia med sitt glitrande nærvær.
Terje peikar og forklarar kor på Vassenden han vaks opp. Så godt likar han dette synet, at han gjekk nesten baklengs opp.
Harde kliv opp lia. Eg syns han greier seg bra.
To himmelsyn nedanfor toppen står denne lurevarden
...men på toppen fann vi denne. Men eg synest kvar topp bør innehalde om ikkje akkurat eit bibliotek, så i alle fall ei bok.
Sivilisasjonen kallar. Ein teatersjef har aldri heilt fri.
Terje tek ei stille stund og tenker på å halde ein liten monolog. Eller kanskje kva han skal ha til middag.
Utsikt over Jølster mot Førde.
Obs. Gjegnen under min høgre arm.
Telefonen ringer. Tore Dvergsdal vil på Førdsnipa (i bakgrunnen). Jess! ropar Terje. Klar for dagens andre fjelltur. Eg syns dette vart eit litt sånn Oddleiv Apneseth-bilde.