Hopp til innhold

Ingen bjørn i Krundalen

Det var truleg ikkje bjørn det vart skote mot i Krundalen i Luster natt til måndag.

Politi og jeger
Foto: MMSfoto: Synnøve Aasland / NRK

Bioforsk i Svanevik har DNA-analysert biologiske prøver frå plassen der bjørnen skulle vore, og avviser at prøvane er frå bjørn, seier lensmann Asle Karoliussen i Luster. Bioforsk seier derimot ikkje noko om kva slags dyr prøvane er frå.

Løyste skot.

Det var tidleg måndag morgon 10. junli sauebonde Ove Baggetun var  i Krundalen.  Han har har fortalt at han først såg saueflokken komme mot seg, men i staden for å stogge, sprang dei forbi han og deretter dukka dyret opp. Baggetun skaut då mot dyret som han er sikker på var ein bjørn.

Søk med spesialhund. 

Etterpå frykta han at han hadde skadeskote dyret, og det vart sett i gang søk både med spesialtrena hund og varmesøkande kamera, men bjørnen vart ikkje funnen.

DNA-profil.

No har Bioforsk ananlysert biologisk materiale som vart funne på staden der Baggetun har forklart at bjørnen var. DNA-profilen viser at det materialet ikkje stammar frå bjørn.  Asle Karoliussen seier det indikerer at det ikkje var bjørn på staden, og at det forklarar kvifor hunden heller ikkje fann spor.

Kva var det då?

Bioforsk har ikkje konkludert med kva slags dyr dei biologiske prøvane er frå.

-Men no har vi ein DNA-profil frå området, og jobben blir å finne ut kvar han kjem frå, seier Karoliussen.