Kan bli tvinga ned frå fjellet
Jerveplaga er no blitt så stor i Guridalen ved Fortun i Luster at Mattilsynet no vurderer om dei skal be bøndene om å ta sauene heim frå beite.
Publisert 14.07.2006 14:28.
- Skriv ut
- Då vil i tilfelle måtte legge ned drifta. Vi har ikkje beite til å ha så mange sauer heime, seier bonde Steinar Mørkrid.
600 sauer

Sau som er drepen av jerv.
Foto: Statens naturoppsynOlav Hermansen i Mattilsynet stadfestar at dei no kan bli nøydde til å be dei to sauebøndene i Guridalen om å ta dei 600 sauer deira heim.
Gardbrukarane har kjempa mot jerven i snart ti år, og jerven har rekordtidleg i år har sett i gong å drepe sauer igjen. For ei tid sidan fekk dei midlar til gjetar, men gjeting er til liten nytte.
- Gjetaren er frustrert, for ho måtte bruke tid på å leite etter kadaver, seier han.
Vanskeleg jakt
Bøndene får fellingsløyve i dag, men å jakte på jerv er svært vanskeleg. No håpar Mørkrid at Statens naturoppsyn kan gje løyve til å jakte på jerven året rundt, det aukar sjansane for å få tak i den.
- Vi må inn kjapt for å ta ut ein jerv som gjer skade, seier han.

Sogn
- Sogndal 2 vann målrikt lokalderby
- Biltjuv fakka i Årdal
- Cruisehamn gir nytt håp for hotell
- Russarane trekkjer importforbodet
- Går glipp av nyetablering
- Veolia vurderer å klage
- Fylkesbaatane vann
- Rallarvegen i forfall
- - Sogndal framfor Skjolden
- Sogndalselevar best i retorikk
- Vik skisenter ber om pengar

















Sol og sommar i fylket