Hopp til innhold

Miljøvernforbundet kan gå konkurs

Miljøvernforbundet med Kurt Oddekalv i spissen er på randen av konkurs. – Oppdrettsnæringa har skulda. Dei pressar sponsorane våre, hevdar miljøkrigaren.

Video Miljøforbundet konkursen nær

ALVORLEG: Kurt Oddekalv har vore i økonomisk hardt vêr før, men aldri så nær ein konkurs som no.

Ei kredittvurdering NRK har fått utført viser at Miljøvernforbundet har svært mange inkassosaker på seg. Berre store gåver kan redde forbundet.

Men dette er gåver oppdrettsnæringa syter for at dei ikkje får, hevdar Kurt Oddekalv.

Blakke og på dugnad

– Denne turen her jobber store deler av mannskapet dugnad. I tillegg til at vi er blakke, som vi ofte er, har oppdrettsnæringa har ringt rundt til alle sponsorar og støttespelarar vi har hatt for å presse dei til å ikkje støtte oss, seier Oddekalv i det han stig i land på Leikanger i Sogn.

Han er på tokt med Miljøvernforbundet si 50-millionarsinvestering «Miljødronningen» for å kjempe mot etablering av nye oppdrettsnalegg langs Sognefjorden. Men i kjølvatnet kjem eit hav av gjeld, høge utgifter og nesten fråverande inntekter som er i ferd med å drukne heile forbundet.

Artikkelen held fram.

Miljødronningen

PÅ TOKT: «Miljødronningen» på veg innover Sognefjorden onsdag.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Tapte 10,4 mill. i fjor

Miljøkrigaren meiner næringa har pressa bedrifter, som tidlegare har støtta Miljøvernforbundet økonomisk, til å bryte samarbeidet.

– Nokre av desse har trekt seg fordi presset er for tøft for dei. Oppdrettsnæringa har lykkast i å fjerne litt av kapitalen som vi treng for å gjere jobben vår, seier Oddekalv til NRK.

Kurt Oddekalv har vore i pengetrøbbel før, men ikkje slik som dette. Rekneskapen for 2009 viser eit underskot på 3,8 millionar kroner for Miljøvernforbundet, og -6,6 millionar kroner for dotterselskapet som står for drifta av båten «Miljødronningen».

Både Miljøvernforbundet og Miljødronningen har store krav mot seg, og er avhenging av ny kapital raskt for å unngå skifteretten.

– Ringjer rundt og trugar folk

Kurt Oddekalv

HARDE SKULDINGAR: - Oppdrettsnæringa har lykkast i å fjerne kapitalen som vi treng, hevdar Kurt Oddekalv.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

– Det bør ringje ei bjølle hos folk når ei næring som omset for 30 milliardar kroner går laus på ein miljøorganisasjon som maksimalt omset for 10 millionar kroner. Dei ringjer rundt og trugar folk så dei ikkje skal støtte oss så vi får fortalt kva vi ser nede på havbotnen, hevdar forbundsleiar Oddekalv.

Han held fram:

– Og nå skal næringa flytte til Sogn med all tonnasje som dei har skite sund Hardangerfjorden med. Torsken sluttar å gyte i fjordar der det er oppdrettsanlegg. Laks og sjøaure blir spist opp av lus og rømt fisk...

FHL: – Vi berre informerte

Kurt Oddekalv nektar som vanleg å halda kjeft. Og kommunikasjonsdirektør Are Kvistad i Fiskeri- og habruksnæringens landsforbund (FHL) vedgår at den store kjeften hans har fått dei til å ta kontakt med dei som støttar Miljøvernforbundet økonomisk.

Are Kvistad

AVVISER: Are Kvistad i Fiskeri- og habruksnæringens landsforbund vedgår at dei har sendt brev til Oddekalv sine kontaktar, men avviser påstanden om skremsel.

Foto: FHL, pressefoto

FHL gjekk til motangrep då Oddekalv i vår kom med påstander om at det vart produsert giftig fisk i Norge. Mellom anna aksjonerte Oddekalv ved å setje handlevogner fulle av fisk og plakatar med åtvaringar ut i fleire matbutikkar.

– Desse påstandane var så alvorlege at vi sendte eit enkelt brev til Oddekalv sine sponsorar, som han sjølv har offentleggjort via fiskeripressa, der vi berre informerte om at dei er oppførte sponsorar av ein organsisasjon som spreier feilinformasjon om norsk matproduksjon. Vi har ikkje oppmoda om å trekkje støtte eller liknande, svarar Kvistad i FHL.

Gjekk rett på fylkeshuset

Etter Oddekalv sitt strandhogg på Leikanger onsdag gjekk turen til fylkesordføraren i Sogn og Fjordane sitt kontor. Krigen mot oppdrettsnæringa sine planar om å dobla aktiviteten sin i ytre deler av Sognefjorden går vidare - sjølv om Oddekalv har ein fot og vel så det i skifteretten.

Artikkelen held fram.

Nils R. Sandal og Kurt Oddekalv

BANKA PÅ: Nils R. Sandal fekk uventa besøk då Kurt Oddekalv med eitt stod ved kontordøra for å seie klart ifrå til fylkesordføraren kva han meiner om nye oppdrettsanlegg.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

– Vi registerer det du seier, men du får ikkje noko svar på dei ulike søknadene no, sa fylkesordførar Nils R. Sandal då Oddekalv utan forvarsel stod på kontoret.

Miljøvernforbundet sin profilerte grunnleggjar og frontfigur fekk likevel lovnader om at fylkeskommunen ville stille med eit par representantar til eit møte om bord i «Miljødronningen» seinare på dagen. Kurt Oddekalv er ikkje ein mann som gir opp eller tek eit nei for eit nei.

«Då kjøper eg meg ei tankvogn med rotenon»

– Kva om konkurs er einaste utveg, Oddekalv?

– Då blir nasjonen kvitt ei av dei få klare røystene dei har på kva som er rett og gale i dette landet. Oppdrettsnæringa skjønar ikkje at det er mykje meir verdt enn kanskje heile oppdrettsnæringa til saman. Viss dei greier det, så kjøper eg meg ei tankvogn med rotenon og reiser rundt og rotenonbehandlar kvart einaste setjefiskanlegg i heile landet.

– Dette er ganske alvorlege trugsmål?

– Du kan trøyste deg med at viss eg går til helvete, så har eg ikkje råd til å kjøpe noko tankvogn med rotenon. Men eg må berre seie at eg er ganske forbanna på denne gjengen, seier Kurt Oddekalv med klar adresse til landets oppdrettarar.

Miljødronningen

50 MILLIONAR: «Miljødronningen» vart bygd i Hardanger og kontrahert splitter ny av Miljøvernforbundet. Så langt har båten vore eit pengesluk.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK