Hopp til innhold

Abortpasientar og nyfødde delar korridor

Abortpasientar på Førde sentralsjukehus reagerer på at dei må dele korridor med nybakte foreldre og nyfødde born.

Førde sentralsjukehus

Kvinner som har abortert må lytte til barnegråt.

Foto: Cosmin Cosma / NRK

Etter eit sparetiltak der gynekologisk avdeling og føde og barselavdelinga vart slått saman har det komme fleire reaksjonar på at dei høyrer barnegråt skriv Firda.

Assisterande avdelingssjef Kjellaug Fredly seier dei gjer det dei kan for å skjerma desse pasientane.

– Dei ulike pasientgruppene blir ikkje blanda på romma, og vi prøver å samle dei kvar for seg.

Fredly fortel til avisa at allereie første helga etter samanslåing reagerte ei kvinne på at måtte liggje og høyre på barnegråt.

Også kreftpasientar blir lagde inn på same avdeling.

– Det som er gjort her er heller ikkje uvanleg ved andre norske sjukehus, seier jordmora.

Samanslåinga av gynekologisk avdeling og føde/barselavdelinga vart gjennomført 1. juni, som eit resultat av at kirurgisk klinikk vart pålagd å spare inn fem stillingar.