Hopp til innhold

– Det er litt høgtid over det heile, og så kjem det på bokmål...

Fartsbota var ikkje det som plaga Knut P. Bøyum mest - det var språket den var forfatta på.

Knut P. Bøyum

FEKK NYTT KRAV: Knut P. Bøyum viser stolt fram sitt nye forenkla førelegg på nynorsk, saman med det første på bokmål.

Foto: Gaute Dvergsdal Bøyum

Oppglødd av vikingrock-konsert gjekk det litt for fort då fjærlendingen Knut P. Bøyum skulle heim frå Gudvangen i juli i år. I Gudvangatunnelen på E16 blenkja det frå ein fotoboks.

Bokmål

Ein knapp månad seinare kom straffa i posten. Her stod det å lese at Bøyum var «siktet», hadde «kjørt» og fått «forenklet forelegg».

Dette var ein språkbruk som Bøyum på langt nær var nøgd med, skriv avisa Firda tysdag. Målmannen Bøyum akta ikkje å betale førelegget så lenge det var stila på bokmål.

Nedtur

Til NRK fortel Bøyum at han nesten var oppglødd då brevet frå Statens innkrevingssentral omsider kom i posten. Og fallhøgda vart stor.

– No har eg køyrd bil og motorsykkel i 25 år og aldri fått fartsbot før. Og så når eg då endeleg får den og går i postkassen og ser at den er komen, og opnar brevet med litt skjelvande hender og litt forventningar, det er litt høgtid over det heile - og så blir ein fort teken ned att når det er på feil målform. Det må eg jo berre seie.

Prinsippsak

Bøyum vedgår at det kanskje i eit større bilete er snakk om flisespikk, men for han er målforma ei prinsippsak.

– Det kan hende at eg har lite å gjere på når eg irriterer meg over slike ting og lagar ei sak utav det. Men for meg er målforma viktig. Når eg bur i Sogn og Fjordane og blir tilskriven av eit offentleg organ, så forventar eg at den kjem på nynorsk. Då vart eg temmeleg vrang då det kom på bokmål, seier han til NRK.

Kravde nytt brev

Bøyum tok saka i eigne hender og ringde telefonnummeret som stod på innbetalingsblanketten frå Statens innkrevingssentral. Her fekk han ein sakshandsamar i tale.

– Ho flein litt, og tykte nok det var litt artig. Det var berre nokre tastetrykk, så hadde ho ordna det, ønskte meg god helg og sa det kom nytt brev i posten to dagar etterpå - i rett målform. Og det gjorde det. Den kom på nynorsk laurdagen, fortel Bøyum som no har vedtatt førelegget.

– No er det greit, eg har fått den på nynorsk, seier han nøgd.

OK med førelegg

Det første brevet han fekk var ei orientering om at bilen var tatt i automatisk trafikkontroll, og spørsmål om han ønskte å påpeike at det var andre som hadde køyrt bilen. Men den biten var grei.

– Eg må vel berre innrømme at det er eg som har køyrd for fort. Eg er såpass sløv blitt at eg har sikkert vore litt over fartsgrensa. Det var no ikkje meir enn 10 km/t. Men då førelegget kom, og eg vart beden om å vedta det på bokmål, så var eg jo eigentleg nesten litt spent og syntest det var ei ny oppleving etter 25 år. Det vart ein nedtur.

– Eg er no ein grinebitar...

– Du er ikkje berre litt bitter og sur sidan du vart teken, og ville lage litt ekstraarbeid?

– Det er greitt eg er bitter og sur, eg er no ein gammal grinebitar, ler Bøyum.

Men det er ei prinsippsak bak dette, understrekar han.

– Nemleg det at både mi målform og målforma til politidistriktet som har skrive ut førelegget er nynorsk, seier Bøyum.

Han meiner det er viktig å stå på krava.

– Det er ikkje hjelp i at berre éin mann tykkjer det er feil. Ein må følgje opp når ein tykkjer det er gale, seier Bøyum.

Har lært

Og etter språkklusset har fjærlandsbonden også fått seg ein trafikal lærdom.

– Jaja, det er klart. Ein lyt halda seg innan fartsgrensene. Ein skal ikkje køyre over fartsgrensa. Då får ein bot, seier Knut P. Bøyum ei erfaring rikare etter 25 år bak rattet.