Hopp til innhold

Toåring med dilla på bilmerke

Vis vesle Sander Aarlott Aase bilen din, og han fortel deg kva bil det er.

Sander Aarlott Aase

EIN LITEN EKSPERT: Toåringen Sander har god greie på bilar.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Trond Aase og Sander Aarlott Aase

Pappa Trond Aase fortel at dei har sett ein del på bilete av bilar.

Foto: Eli Eikenæs Vengen / NRK

Nokre ungar kan seie «oj, sjå stor bil». Andre kan seie fargen på bilen, og nokre kan ein del namn på bilane. Men Sander kan meir enn som så. Han kan praktisk tala alle bilnamn som finst.

Medan reporter Eli Eikenæs Vengen veit at det finns ein del bilmerke, så er kunnskapsnivået hos toåringen mykje høgare.

Ho møtte Sander på ein parkeringsplass. Høyr reportasjen korleis det gjekk då journalisten som ikkje har peiling på bilar møtte vesle Sander.