Hopp til innhold

Unge musikarar i scelebert selskap

Kim Systad frå Lavikdal og Cecilie Aalberg frå Nordfjordeid får i helga oppleve noko ingen før dei har gjort.

Kim Systad og Cecilie Aalberg

NASJONALE TALENT: Kim Systad på perkusjon og Cecilie Aalberg på trompet.

Foto: Privat

Dei to unge og svært talentfulle musikarane er nemleg plukka ut til å bli med i tidenes første Norgeskorps. Systad i Norges nasjonale brassband, og Aalberg i Norges nasjonale janitsjarkorps.

Antonsen skal dirigere

– Eg eg gler meg veldig mykje. Eg skal vere solist, fortel Kim Systad som skal spele perkusjon i det nye nasjonale brassbandet.

Ole Edvard Antonsen

MENTOR: Trompetist Ole Edvard Antonsen skal leie det nasjonale janitsjarkorpset, mens Bjørn Sagstad får ansvaret for brassbandet.

Foto: Johannessen, Sara / SCANPIX

Dei nystarta korpsa er i regi av Norges Musikkorpsforbund (NMF) og skal leiast av Bjørn Sagstad (brass) og Ole Edvard Antonsen (janitsjar) som dirigent og instruktør. Dei mest talentfulle musikarane i landet i alderen 18-25 år er plukka ut til å delta i korpsa.

I helga skal musikarane samlast i Trondheim der dei skal øve saman i ei veke, før opphaldet blir avslutta med ein storkonsert i Nidarosdomen neste laurdag.

Kom gjennom nålauget

– Det begynte med at eg såg ei annonse på NMS si heimeside der ein kunne melde seg. Eg sende eit lydopptak, og fekk så mail om at eg var plukka ut fortel Kim Systad.

Og annonsen på nettet vart også lest i Nordfjord...

– Eg rota meg bort i dette ved at mamma tipsa meg om det. Ho leste om det på nettet, og meinte dette var midt i blinken for meg, fortel Cecilie Aalberg.

18-åringen har spelt trompet i ni år. Først i Eid skulekorps, så Eid musikklag, ført ho tok til Gloppen janitsiar. Ho er også med i NUK (Nordvest ungdomskorps). Systad på si side starta i skulemusikken i Lavik, har vore med Fjord Brass Lavik, Kleppe musikklag på Askøy, og spelar no fast med prisvinnande Jølster musikklag.

Artikkelen held fram.

Kim Systad

LANG MERITTLISTE: Kim Systad frå Lavikdal i Høyanger kommune har i ein alder av 21 år alt vore innom ei rekkje prisvinnande brassband.

Foto: Privat

Får draumeteneste

– Eg køyrer halvanna time kvar veg til øving i Jølster kvar mandag. Men det er verdt det når det er fylkets beste korps, meiner 21-åringen som til dagleg er elektrikarlærling.

Når fagbrevet er i boks, ønskjer han å satse for fullt på musikken. Neste år ventar førtegangsteneste i Bergen.

– Då skal eg avtene verneplikta i Divisjonsmusikken. Eg kunne ikkje fått betre teneste, seier han til NRK.no.

Til Sør-Afrika og Taiwan

Både Systad og Aalberg har store forventningar til dei nye nasjonale korpsa. Og sjølv om det berre er snakk om ei vekes samling i sommar, er planen at korspa skal halde fram.

Neste år skal brass-gjengen til Sør-Afrika og halde konsert, mens janitsjarfolket dreg til Taiwan.

– Det blir fantastisk, seier Cecilie Aalberg.

I likskap med Kim Systad vil 18-åringen satse på musikken.

– Eg har bestemt meg for at det er dette eg vil. Når eg endeleg fekk trompeten i handa, så klarte eg ikkje å slutte å spele. Det var så gøy, fortel ho.

– Verdt å gå glipp av Malakoff

Cecilie Aalberg

UNG, MEN ERFAREN: Cecilie Aalberg har i ein alder av 18 år alt vore innom fire janitsjarkorps og satsar for fullt med trompeten.

Foto: Privat

Som 18-åringar flest høyrer ho derimot også på pop og rock når ho er på heimebane.

– Eg høyrer ikkje berre på klassisk musikk. Eg lyttar mykje til rock. men det er verdt å gå glipp av Malakoff i heimbygda når eg får oppleve dette, seier Aalborg som set kursen mot korpssamling i Trondheim fredag morgon - same dag som rockefestivalen i heimbygda tek til.

Då set også Kim Systad kursen nordover. Men mens Cecilie Aalborg gjerne høyrer på meir "mainstreem"-musikk, er Systad meir konsekvent.

– Det går mest i brass - også i bilen, seier lavikdølen.