Hopp til innhold

Brukar 40.000 på zen-kurs

Sp-leiar og kommunalminister Liv Signe Navarsete bruker over 40000 kroner til å kjøpe råd for å bli ein bedre leiar.

Liv Signe Navarsete

LEIARKURS: Liv Signe Navarsete kursar seg for å bli ein betre leiar.

Foto: NRK

Frå februar til juni i år har Navarsete hatt åtte coachingsamtaler med Erik Møller i firmaet Zen leadership, skriv VG måndag.

Dei siste fire samtalane skal statsråden ha til hausten.
Ifølgje VG har Kommunaldepartementet betalt 43.215 kroner for rådgjevinga.

- Samtalene har gjort at eg er meir bevisst på korleis eg legger opp arbeidsdagane mine. Det er også eit mål å arbeide endå meir effektivt, slik at eg kan gjere svært lange arbeidsdagar dei siste åra, noko kortare, skriv Navarsete i ein e-post til avisa.