Hopp til innhold

Motorsyklist køyrde av vegen

Ein person måtte til sjukehus for ein sjekk, etter at vedkommande køyrde av vegen med motorsykkel.

- Det var ei MC-ulykke, der ein einsleg motorsyklist køyrde av vegen, opplyser Kjell Fonn ved politiets operasjonssentral i Florø.

Ulykka skjedde mellom Øvre Årdal og Turtagrø litt etter klokka 10.30 søndag føremiddag.

Politi og ambulanse var raskt på staden.

Ulykka var den tredje utforkøyringa på berre nokre timar:

Ved 03.00-tida køyrde først eit køyretøy av vegen i Olden, og ein person vart frakta med ambulanse til Førde. Ikkje lenge etter måtte ein 18-åring til sjukehus, etter at han køyrde av vegen med moped i Sogndal.

Denne gongen skal det derimot ikkje vere alvorlege skader.

- Motorsyklisten vart rutinemessig send til sjukehus i Lærdal for undersøking. Men det skal ikkje vere noko alvorleg, seier Fonn.