Hopp til innhold

Vil ha meir fokus på ekstremvêr

Ein forskingsrapport frå Vestlandsforsking viser at Fylkesmannen har for lite fokus på å førebyggje skader av ekstremvêr.

Kråkenes fyr i storm

Fylkesmannen har for lite fokus på å førebyggje skader av ekstremvêr. Biletet er frå Kråkenes fyr i storm.

Foto: Merete Høidal / NRK

Den ferske rapporter viser at 75 prosent av lærdommane Fylkesmannen rundt om i landet har gjort seg etter ekstremvêr, gjekk ut på å handtere krisa der og då.

- Må fokusere meir på førebygging

- Under stormen Loke i 2005 lærte Fylkesmannen i Sogn og Fjordane at ein kunne ta ei sentral rolle i handteringa av informasjon og media, seier klimaforskar Idun Husabø.

- Men når det gjeld førebyggingslærdom så er dei som andre fylker, dei fokuserer mykje på krisa og kunne vore meir fokusert på førebygging. I tillegg kunne dei vore meir systematiske i oppfølginga i ettertid, forklarar Husabø.

Vestlandsforsking har kome fram til tala etter intervju med beredskapssjefane hos Fylkesmannen i heile landet. Under 25 prosent av lærdommane gjekk på å førebu neste ekstremvêr og det er for lite, meiner Husabø.

- Det burde sjølvsagt vore mykje meir vekt på førebygging.

- Har vore utvikling siste åra

Beredskapssjef Håvard Stensvand hos Fylkesmannen i Sogn og Fjordane meiner det er mykje rett i konklusjonane frå Vestlandsforsking.

- Men eg trur det har vore betydeleg utvikling på dette feltet. I alle fall dei siste to åra har vi i mykje større grad hatt fokus på det førebyggande, seier Stensvand.

- Staten må ha klarare krav

Husabø meiner Staten må komme med klarare krav til kommunar og Fylkesmann om å førebyggje skader av ekstremvêr tilstrekkeleg.

- Staten bør i større grad ta tak i og gje signal og midlar. I Norge er det mange små kommunar som ikkje veit kor dei skal begynne når det kjem til denne typen arbeid, seier Husabø.

Ein NOU (Norsk Offentleg Utgreiing) er no i ferd med å bli laga om klimatilpassing ifølgje Stensvand.

- Eg trur det er dette arbeidet sentrale styresmakter no ventar på at blir gjort ferdig, seier Stensvand. Arbeidet er venta å vere ferdig i november.