Hopp til innhold

Lavik skulemusikk vann NM brass

Det var full klaff for Lavik skulemusikk som i går spelte seg til førsteplass i NM for skulekorps brass i 2.divisjon.

Lavik skulemusikk som er vinnarar av NM brass 2. divisjon 2010

Lavik skulemusikk vann laurdag 2.divisjon i NM for skulekorps brass. Biletet er frå siste øvinga før avreise til konkurransen i Stavanger.

Foto: Jon Mølmesdal

Med reine tonar frå start til slutt kunne glade korpsmusikantar frå Lavik reise heim frå NM i Stavanger med førstemedalje i bagasjen.

- Vi er blant eliten

- I går viste vi at vi er heilt i norgestoppen når det kjem til korpsmusikk, seier dirigent Jason Burn som er overlykkeleg over prestasjonen.

Under NM i skulemusikk må korpsa sjølv velje seg ut eit musikkstykke på vel 10 minutt som dei skal spele. I Lavik hadde dei valt stykket Oregon, som handlar om ei togreise gjennom den amerikanske delstaten.

- Stykket er ei blanding av indianar og cowboymusikk og er fantastisk fint å høyre på, fortel Burn.

- Reine tonar frå start til slutt

Det er to år sidan Lavik skulemusikk deltok i NM for første gong, då vant dei 3.divisjon. Prestasjonen i går viste at korpsmedlemmene har blitt endå betre.

- Dagen i går tenker eg tilbake på med glede! Det var ein fantastisk dag for oss alle saman, og ungane sjølve har ikkje kome seg heilt nedpå endå, det seier Rolf Aamot som er leiar i styret for Lavik skulemusikk.

På scena for Lavik skulemusikk stod 29 born i alderen frå 12 til 18 år. Og dirigent Jason Burn visste allereie frå første tone at det gjekk rett veg.

- Som dirigent får du ei kjensle frå første takt om korleis konkurransen vil gå. Vi hadde førebudd oss godt og det gjekk veldig bra frå første til siste tone, fortel ein særs nøgd Jason Burn.

Dirigenten fekk også pris

Han har dirigent skulemusikken frå Lavik dei siste tre åra, men har også tidlegare vore dirigent i bygda i 8 år.

- For meg handlar jobben om å sjå ungane gå av scena med eit smil, og vere glade fordi dei har spelt musikk. Slik var det i går og då er det kjempemoro, seier Burn.

Og noko må Burn ha gjort rett, for under NM i Stavanger vart han tildelt prisen for beste dirigent under NM.

- Det er ei stor fjør i hatten for oss alle at Jason fekk den prisen, seier Aamot.

- Vi kunne ha spelt i 1.divisjon

Han meiner det ikkje er noko hokus-pokusformel bak prestasjonen.

- Foreldra er veldig flinke til å slutte opp om skulemusikken, og i tillegg er ungane interesserte, forklarar Aamot.

Han meiner prestasjonen i går var det beste dei nokon gong har levert.

- Då vi vann 3.divisjon for to år sidan var det noko vi meinte var oppnåeleg, men at vi vann i går hadde eg ikkje trudd.

- Dommarane sa faktisk at vi kunne ha spelt i 1. divisjon, så det er veldig bra avsluttar ein smilande styreleiar.