Hopp til innhold

Bjørnejakta trappa ned

Leitinga etter bjørnen som vart meldt skadeskoten i Jostedalen måndag morgon er no trappa ned.

To spesialtrena jegerar frå Statens Naturoppsyn
Foto: MMSfoto: Synnøve Aasland / NRK

Ein fellingsleiar frå Statens Naturoppsyn og ein sporhund er reist frå området. Lensmann i Luster Asle Karoliussen seier det no er usikkert om bjørnen er treft av skota.

- Vi kan vel konkludere med at det er større sjanse for at han ikkje er skadd enn at han er skadd. Vi har gjort ein rekonstruksjon der det vart skote. Ut frå den er det grunn til å tru at personen som skaut har bomma, seier han.

I heile går vart det leita etter bjørnen som har vore på streif i Sogn og Fjordane. 15 sauer er stadfesta drepne av bjørnen, men truleg er det enno fleire.  Det var måndag morgon at politiet fekk inn ei anonym melding om at ein bjørn skulle vere skadeskoten.

Les også: - Bjørnen kom mot meg

Ingen markering

Sporhunden som vart sendt til Jostedalen måndag kveld markerte ingenting. Kraftig regnver gjorde arbeidet for hunden nærast umogleg. Dermed reiste han og fellingsleiar Even Bjørnes i Staten Naturoppsyn tilbake til Steinkjer i går.

- Det er fordi vi ikkje har hatt nokon markering av bjørn med hund og ikkje har vi sett spor. Det kan vel ha samanheng med mykje regn, seier han.

Framleis beredskap

Men trass i nedtrapping vil det framleis vere beredskap i området. To representantar frå Statens Naturoppsyn vil stå til disposisjon for sauebøndene som eventuelt vil ut å leite etter nye sauekadaver i dag. I tillegg vil også politiet vere i beredskap, seier lensmann Karoliussen.

Og politiet i Luster vil framleis vere i Jostedalen i dag for å etterforske saka mot mannen som altså er sikta for miljøkriminalitet.

Folkemøte

På eit folkemøte i bygda vart det i går orientert om status for leitinga, og no kan det altså vise seg at bjørnen ikkje vart treft. Godt over 100 personar møtte, og spørsmåla var mange. Resultatlaus leiting kan bety at bjørnen er vekke frå området. Likevel føler bøndene i bygda seg ikkje trygge. Oddvar Kronen likar ikkje at det no blir opp til bøndene å finne nye kadaver.

- Det burde vore søk på breen, seier han.

- Må vise tolmod

På møtet i går kom det også signal om at fylkesmannen ville gje løyve til å bruke helikopter ein time til. Leiar i Jostedalen sankelag, Arne Bjørk, var nøgd med at det vart teke initiativ til eit møte, og seier bøndene no må vise tolmod.

- Tolmod er eit ord som går igjen blant ekspertane. Det er vanskeleg å forklare eit sauebonde som finn sauene sine drepne at han må vere tolmodige. Men vi må berre bruke tida til hjelp, seier han.