Hopp til innhold

Fekk tak båt - berga mann i sjøen

– Politivakta i Florø manglar lokalkunskap når dei skal sette i verk bergingsaksjonar, meiner Kjell Rognaldsen.

Amulanse ved Kvamsøy

Helsepersonell i ambulanse tok seg av den sterkt nedkjølte mannen.

Foto: Robert Jan Leerink

Laurdag ettermiddag berga Kjell Rognaldsen truleg livet til ein mann som kantra med båt ved Kvamsøy i Balestrand.

Rongaldsen seier han blei ringt opp av ein hyttenabo som hadde sett mannen hamne i sjøen. Han seier at det berre var tilfeldigheiter som gjorde at dei fekk tak i båt tidsnok til å berge mannen.

– Naboen ringe og sa at det låg ein mann i sjøen. Eg ringde 113 og dei sette meg over til politiet. Der hadde dei lite lokalkunnskap, dei visste kvar Kvamsøy er, men ikkje korleis dei skulle få tak i båt.

Traff hyttenabo med båt

Luftambulanse og ambulanse på Kvamsøy

Også luftambulanse vart send til Kvamsøy.

Foto: Robert Jan Leerink

Rognaldsen som har hytte i området, gav politiet tips om ein han kjende til som hadde båt før han sjølv sprang ned til sjøen. Der traff han heilt tilfeldig ein som hadde båt.

– Han hadde ein båt med 25 hestekrefter som vi fekk tak i. Vi reiste ut og fekk mannen opp i båten. Då var han temmeleg nedkjølt.

Politiet visste ikkje om nokon med båt

Rognaldsen seier han er overraska over at politiet ikkje hadde kontaktpersonar med båt i området.

– Det er sommar og folk er på mykje på sjøen. Politiet bør nesten vite at viss det skjer noko ein plass, så veit dei kvar dei kan få tak i båt. Eg vart ikkje imponert iallefall.

Meiner det er eit offentleg ansvar

I Redningselskapet meiner Geir Antonsen som er kaptein på redningsskøyta «Halvdan Grieg» at slik beredskap må vere eit offentleg ansvar.

– Det blir veldig usikkert å ferdast på havet viss du skal belage seg på at naboen skal komme å berge deg. Då er vi tilbake til 1800-talet då Redningsselskapet vart stifta. Eg tykkjer dette blir eit steg tilbake og ikkje eit steg fram.

– Hadde ikkje klart seg

Kjell Rognaldsen trur ikkje at mannen han berga hadde klart seg om han hadde blitt liggande mykje lenger i sjøen.

– Eg trur han hadde frose i hel. Han hadde flytedrakt på seg, men ingen varmedrakt.

– Gjorde det vi skulle

Politimeister Johan Brekke meiner politiet gjorde det dei skulle i samband med redningsaksjonen i Balsetrand i helga. Brekke seier det er vanleg prosedyre i slike situasjonar å spørre innringar om dei sjølve har tilgang på båt.

– Det er naturleg å gjere dette i slike saker: I tillegg har politiet ein ressursbase med telefonnummer til båteigarar som kan kontaktast. I dette tilfellet var ekspressbåten Fjordprins i nærleiken. Den vart dirigert mot staden, men i mellomtida vart mannen plukka opp andre. I tillegg vart ambulanse og luftambulanse sende til staden.