Hopp til innhold

Skadd etter trafikkulukke ved Lavik

Tre eldre personar er frakta til Førde sentralsjukehus etter ei trafikkulukke ved Ringereidsvingen like utanfor Lavik i Høyanger.

Trafikkulukke ved Lavik.

I denne bilen sat tre eldre personar. Ved Ringereidssvingen like utanfor Lavik hamna den på taket.

Foto: Simon Solheim / NRK

Både omfang og årsak er førebels uviss. Ulukka vart meld like før klokka 09. Politi, brannvesen, ambulanse og luftambulanse rykte ut til staden.

Trafikkulukke i Lavik

Ulukka skjedde ved Ringereidsvingen like utanfor Lavik.

Foto: MMS-tipsar

- Ein er lettare skadd. Dei to andre har alvorlegare skader, men det er ikkje fare for liv, opplyser politibetjent Rolf Aamot ved Hyllestad lensmannskontor.

AMK opplyser i 18.00-tida at tilstanden til to kvinner på 76 og 78 år er stabil, og at dei er lagde inn ved intensivavdelinga. Ein 81 år gamal mann er lagt inn ved vanleg avdeling etter ulukka. Han skal vere lettare skadd.

Sat fast i bilen

Det er 80-sone på staden, men politiet kan førebels ikkje seie noko om årsak til ulukka. Samtlege i bilen trengde hjelp for å kome ut av bilen.

(Artikkelen held fram under biletet)

Trafikkulukke i Lavik.

Bilen hamna på taket om lag fem meter frå vegen.

Foto: Simon Solheim / NRK

Bilen var på veg i retning Lavik då den skar av vegen og hamna på taket.

- Bilen har gått over ein støypekant og ned i skogen. Den ligg om lag fem meter frå vegen, opplyser Aamot.

Stengd E39

Det var eitt køyrety involvert i ulukka.

Etter at dei skadde var frakta vekk, vart eit køyrefelt opna for trafikk. I 10.30-tida er det venta at vegen vil vere opna for fri ferdsel.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.