Hopp til innhold

Flyr som før - ikkje skremt av oska

Spådommane om at oskeproblema ville føre til at folk flyr mindre, har ikkje slått til. Det stadfestar både Widerøe og SAS.

Dash 8 Q400

Spådommane om at oskeproblema ville få folk til å endre reisevanane sine har ikkje slått til.

Foto: Widerøe

I periodar i vår har oske frå vulkanutbrotet på Island i april lamma flytrafikken og folk har blitt tvinga til å velje andre framkomstmiddel. Når flytrafikken no er i gjenge att, er fly igjen førstevalet for mange. Det var det ikkje alle som hadde venta.

- Folk er avhengige av fly

For fleire miljøorganisasjonar meinte oskeproblema kunne føre til at nordmenn ville endre reisevanane sine.

Men flyselskapa seier folk ikkje er skremde frå å fly som før.

Siw Sandvik, informasjonssjef Widerøe

Informasjonssjef i Widerøe meiner fly som framkomstmiddel er spesielt viktig for distrikta på grunn av dei store avstandane.

Foto: NRK

- Vi har ingen indikasjonar på at det er færre som flyr no enn tidlegare, seier informasjonssjef i Widerøe, Siw Sandvik.

Og dette vert stadfesta av passasjerane. Widerøe sitt føremiddagsfly frå Førde lufthamn Bringeland til Oslo lufthamn Gardermoen fredag var like fullt som det pleier.

- Eg reiser ein del i jobb, og då går det mykje fortare å ta fly enn det gjer å ta buss, seier Hanne Pedersen før ho går om bord. Fleire av dei andre passasjerane seier det same.

- Viss vi treng eller har lyst å fly, så kjem vi til å gjere det, seier Inger Dahl.

- Fly spesielt viktig for distrikta

Heller ikkje hos SAS har passasjerane svikta flyselskapet som følgje av oskeproblema i vår.

Knut Morten Johansen, SAS

Informasjonssjef i SAS, Knut Morten Johansen stadfestar at passasjerane ikkje har blitt skremde av oskeproblema, og flyr som før.

Foto: Knut Løvstuhagen/SAS

- Norge er eit spesielt land. Widerøe og SAS åleine har flygingar frå 45 flyplassar. Jernbane som for mange er alternativet, dekker på langt nær eit så stort rutenett. Difor er flyet viktig for Norge, og det ser vi også når trafikken no har komt tilbake, seier informasjonssjef i SAS, Knut Morten Johansen.

I Widerøe har dei same oppfatninga.

- Fly er eit viktig framkomstmiddel spesielt for distrikta. Når oskeproblema var på sitt verste såg vi at store delar av Norge vart lamma fordi alle flya stod på bakken. Difor trur eg fly også i tida som kjem vil vere eit sentralt framkomstmiddel for svært mange, seier Sandvik.

Også dei tilsette ved flyplassane merkar at passasjerane ikkje har endra reisevanane sine. Flyekspeditør i Førde, Arild Vindheim trur ikkje oske set ein stoppar for ein hektisk sommarsesong.

- Folk gløymer fort. Dessutan må folk framleis på møte og tur, seier Vindheim.