Hopp til innhold

Trakkemaskin tatt av snøras

To personar slapp med skrekken då ei trakkemaskin vart tatt av ras ved Harpefossen skisenter i Eid søndag føremiddag.

Det var rundt klokka 15.30 søndag ettermiddag at ei trakkemaskin som tilhøyrer Harpefossen skisenter vart tatt av snøras i Kjenndalen.

Det var to personar i den vel 6 tonn tunge maskina som vart før vel 50 meter og nesten begravd i snømassane.

Såg raset komme

Sjåfør Arvid Remme såg raset komme buldrande nedover.

- Eg såg det sprekke langt oppe i fjellsida. Det første eg gjorde var å be sidemannen late att det opne glaset. Det gjekk berre nokre sekund då traff raset maskina og det vart svart, fortel Remme.

Remme seier dei følte at maskina var ført som ei fyrstikkøskje nedover fjellsida. Då maskina stoppa såg dei heldigvis dagslys gjennom eit av vindauga.

- Eg fekk opp sideruta og byrja å grave. Til slutt fekk eg opp døra og gjekk ut. Maskina var heilt vekke i all snøen. Heldigvis såg eg at det ikkje kunne kome meir snø, seier Remme.

- Skiløparar hadde vore ille ute

Han er glad at han og driftsjef Oddgeir Åsebø sat i ei nær 6 tonn tung trakkemaskin og ikkje var skiløparar då raset kom.

- Hadde vi gått på ski hadde vi nok ikkje vore i live. Det er alvorlege krefter som er i sving. Eg er sikker på raset hadde mellom 80 og 100 kilometer i timen då det traff oss, seier Remme.

Mobildekninga i området er dårleg, og Remme måtte gå oppover i rasområdet for å få dekning. Etterkvart fekk dei to assistanse frå fleire frå skisenteret, og fekk til slutt gravd fram maskina.