Hopp til innhold

Opprørt over slue ørnar

Fylket er fyllt til randen av havørn.

Havørn
Foto: NRK

- Det var fire eller fem vaksne svaner inne på osen. Så skulle dei inn på iskanten og kvila seg. Då kom svinet, rett etter svana gjekk på isen og reiste med den.

Ville ta torskemiddagen

Arne Kjøde

Arne Kjøde er opprørt over slue ørnar som tek svanene i Kjødepollen.

Foto: Asgeir Jens Reksnes / NRK

I dag finst det havørn på nesten alle dei gamle hekkeplassane, slik at der rett og slett byrjar å bli fullt. Men ikkje alle er like glade for utviklinga. For når rovfuglen kretsar over Stadlandet skapar det dramatikk i naturen.

Svanane som har beita i elveosen i Kjødepollen har dei siste vekene blitt jakta på av ei enorm ørn med eit vingespenn på vel to meter. Arne Kjøde i Selje er opprørt over at ørna tek ungane til dei flotte svanane.

- Du høyrer når ho er her, for då byrjar kråka og ramnen å skrika. I går var eg og tok meg ein torsk på vel to kilo, og då starta den å sirkla rundt. Då fann eg ut at eg skal ha min eigen middag, og ho skal ikkje ha den.

Fullt av ørn

Frå å vere utrydda sør for Sognefjorden på grunn av hissig jakt på 50-talet har det no blitt så mykje av havørn at det har blitt fullt langs kysten av Sogn og Fjordane.

- Etter fredinga i 1970 så har bestanden teke seg opp, og no er faktisk dei gamle tradisjonelle hekkeplassane som havørna har brukt i fleire generasjonar er i bruk att. Det er rett og slett ikkje så god plass lengre, for dette er fuglar som treng mykje areal for å finna nok næring, seier biolog Tore Larsen hjå Fylkesmannen.

- Kva med kongeørna?

- Der har me ikkje så godt oversyn over bestandsutviklinga. Det er jo ein av grunnane til at me i sommar skal telja opp hekkeplassar for kongeørn for å sjå kor mange av desse som er i bruk.

Vil skyta ørna

Svaner

Svaner kan fort verta mat for ørn

Foto: Rita Birkeland, Bøverdalen

Tidlegare i vinter ørnar to hundar på tre dagar tok Kjøde meiner at det har blitt så mykje ørn at enkelte bør skytast. Han meiner at eldre, aggresive dyr gjer meir skade enn gagn og at ørna som tek svanar i Kjødepollen er eit godt døme på det.

- Denne gamle bestemora som flyg rundt her, burde pensjonerast.

- Så den bør skytast?

- Ja, det meinar eg. Det er ein som har geiter her, og ørna følgjer aggresivt etter flokkane heile tida.

- Skal me ha ørn eller svane?

Tore Larsen er usikker på om det er havørn eller kongeørn som har slått seg ned i Kjødepollen. Men han meiner det er mange feilaktige myter om ørna.

- Det er viktig at ein skil mellom havørn og kongeørn i denne samanhengen. For etter det eg kjenner til har ein ikkje noko dokumentasjon på at havørn er nokon fare for sauer og andre husdyr. Når det gjeld katter, hundar og andre smådyr vert det annleis.

Men Arne Kjøde meiner Fylkesmannen ikkje kan ha sett kor mykje ørn det har blitt og meiner valet står mellom ørn eller svane.

- Skal me ha ørn eller svane? spør han.

- Fylkesmannen er ikkje veldig villig til å gje jaktløyve?

- Fylkesmannen er ikkje ut på Stad, og har knapt vore her.