Omslaget til den nye boka til Olaug Nilsen.
- Eg reagerer fullstendig subjektivt og spontant på denne boka. Det er rett og slett ei utruleg kul bok.
Det sa kritikar i Dagsavisen, Anders Sundnes Løvlie, til P2-programmet Boktilsynet før helga.
Forfriskande og morosam
Også Dagbladet, Aftenposten, Klassekampen, Bergens Tidende og Morgenbladet gjev Olaug Nilssen strålande kritikkar. Ein forfriskande forfattar, skriv Dagblandet. Ein genuin, humorist, meiner Aftenposten.
Veldig begeistra
Litteraturkritikar i NRK, Marta Nordheim, er også begeistra. - Det er ei fantastisk bok. Eg har ledd mykje at dei to førre bøkene hennar, og eg lo godt då eg las denne. Den eldste dama i romanen, som alltid berre heiter kona til Sebjørn, har som draum å få jobb på Skoddeheimen Nepeforedling AS. Det er jo utruleg morosamt, seier ho.
Alvor i botn
Romanen handlar om Maria som studerer sosiologi, har vaskejobb og drøymer om å komme på Vestlandsrevyen. Vi møter også tenåringsjenta Alma, og ho som berre blir omtala som kona til Sebjørn - ei kvinne i midtlivskrise. Anders Sundnes Løvlie frå Dagsavisen meiner forfattaren vil meir enn berre å få lesaren til å le.
- Det er ei imponerande, seriøs og kaotisk skildring av noko som er veldig problematisk, meiner han.