- Over lang tid har det vore for mange eksempel på arroganse frå forvaltninga overfor dei som bur, lev og driv næring i område med rovdyr. Det fører til mistillit, sa ho sitt innlegg på fylkesårsmøtet i Sør-Trøndelag Senterparti fredag.
- Ei ny rovdyrforvaltning må i langt større grad skje i samarbeid med lokalbefolkninga. Deira erfaringar og kunnskap må takast på alvor. Dei som bur i område med rovvilt må bli høyrde, sa Navarsete.
Støtta Ryan
Ho uttrykte også støtte til fylkesmann Inge Ryan i Nord-Trøndelag, som like før jul gav grønt lys for å skyte ein ulv i Snåsa. Det viste seg etterpå at det var ein innvandra finsk-russisk ulv som kunne motvirka innavl i den skandinaviske ulvestammen.
Ryan vart kritisert for å skyte først og spørre etterpå, men Navarsete deler ikkje den kritikken. Snarare tvert om.
- Det er for mykje byråkrati i rovdyrforvaltninga, og det tek altfor lang tid før skadedyr blir tekne ut. Ryan handla resolutt, og det var bra, seier Navarsete til NTB.
Misnøya med det som blir oppfatta som ein altfor rovdyrvennleg politikk er utbreidd i Sp, men partileiaren sjølv har tidlegare ikkje markert seg sterkt i denne debatten.
Motsetnader
Ho legg ikkje skjul på at det er motsetnader mellom dei raudgrøne regjeringspartia i rovdyrpolitikken, men meiner forliket i Soria Moria 2 er betre enn i Soria Moria 1.
- Eg skal innrømme at forliket om rovdyr ikkje var godt nok i Soria Moria 1. Difor har vi gått grundigare til verks denne gongen. Sp vil jobbe beinhardt for å følgje opp. Prosessen er i gang. Vi vil invitere Stortinget til eit breidt forlik om bestandsmål for ulv og bjørn innan utgongen av 2010, seier Navarsete.