Hopp til innhold

Berga hund etter dramatisk aksjon

Jakthunden Lotta vart til slutt berga ned i god form, etter å ha vore sakna på fjellet i to veker. Men det måtte ein krevjande redningsaksjon til.

Geir Nygard med beagelen Lotta

FANN HUNDEN: Geir Nygard frå redningsmannskapet kunne puste letta ut, då dei fann beagelen Lotta etter at ho var sakna i to veker i fjellet.

Foto: Arve Tvedt

- Eg fekk nyleg beskjed om at hunden er funnen i god form, seier leiar for redningsaksjonen, Nils Arne Skjerven.

Tre klatrarar tok seg måndag føremiddag opp i bratt og vanskeleg terreng på i området Tenningås, på austsida av Fjærlandsfjorden, der hunden har site skorfast i 720 meters høgde sidan før jul.

Hunden skulle ned. Død eller levande.

(ARTIKKELEN HELD FRAM UNDER KARTET)

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Forsvann under jakt

Og i tre-tida måndag fekk Skjerven positive nyhende: Hunden var på veg ned frå fjellet, etter at redningsmannskapet hadde funne den i relativt god form.

- Ho har truleg berga seg ved å liggje under ein hellar. Ho hadde dessutan god tilgang på vatn, fortel Skjerven.

Hunden, den åtte år gamle Beagle-tispa «Lotta», forsvann under hjortejakt i Hella-området om lag ved kommunegrensa mellom Leikanger og Balestrand for to veker sidan. Sidan har fleire personar vore ute og sett etter henne.

- Vi sleppte to hundar som tok ut dyr, og smatt mellom postane før dei forsvann innover fjellet. Dei same hundane var vekke i tre dagar i fjor, og vi vona at dei skulle kome att også i år, fortel Skjerven.

Kom ikkje fram

Men hundane kom ikkje att, og det vart sett i gang ettersøk. Veslejulafta kom den eine att, men mora var framleis vekke. Etter fleire forsøk på å peile tispa, fekk dei før nyttår melding om ein hund som gøydde på Menes.

- I går var vi avgarde att og i 720 meters høgde såg vi hunden. Men den sat slik til at vi ikkje kom fram til den utan klatreutstyr, fortel Skjerven.

Fjellsida

HER VAR HUNDEN: Høgt oppe i denne fjellsida kom ikkje Lotta seg ned for eiga hjelp.

Foto: Arve Tvedt

Hadde det lunt

Løysinga vart personar tilknytte bregruppa i Hafslo Røde Kors, som tok seg opp til hunden.

Skjerven meiner hunden har det bra etter omstenda.

- Ho har hatt vatn, og ho låg slik til at ho har hatt det lunt, seier han.

Kalkulert som tapt

Det er ein jaktkamerat av Skjerven som eig hunden. Vedkommande er heimehøyrande utanfor Oslo.

- Eigaren har berre gått og sparka i døra. Han hadde kalkulert hunden som tapt. Sidan det er så mykje ørn, og hundar har vore tekne av ørn, så frykta han at tispa også var teken av ørn, seier Skjerven.