Hopp til innhold

Høyanger får ambulansefaglinja

Ambulansesjåfør

TIL HØYANGER: Arbeidarpartiet og Senterpartiet har komme til semje om at Høyanger bør få ambulansefaglinja i fyket.

Foto: Cosmin Cosma / NRK

Etter lange og harde diskusjonar mellom Arbeidarpartiet og Senterpartiet i går kveld og i natt er det klart at Høyanger mest truleg får ambulansefaglinja i fylket.

- Krav til høg kvalitet

Kampen om linja har stått mellom den vidaregåande skulen i Høyanger og i Stryn.

- Kombinasjonen med helsefag var eit tungt moment, ettersom det er fleire fag der ein kan kombinere. Men det er eit krav at det skal halde høg kvalitet. Vi ønskte ei heil transportfaglinje i Høyanger. Hadde vi hatt ressursar, skulle vi gjerne hatt tilboda begge plassar, seier Jenny Følling i Senterpartiet.

- Redd for rekrutteringa

Om forslaget vert vedteke i det fylkeskommunale opplæringsutvalet, skal Stryn få ein heil klasse i transportfag.

Lillian Moss, anestesisjukepleiar og rådgjevar ved Eid vidaregåande skule, seier til NRK at ho er redd for kva som skjer med rekrutteringa til ambulansetenesta om linja i Stryn forsvinn.

Akvakultur til Florø

Kompromissløysinga til Arbeidarpartiet og Senterpartiet betyr samstundes at akvakulturfaget blir lagt til Måløy.

Påbyggingsfaget både i Florø og Sogndal blir ståande, medan ein ønskjer å leggje ned ein klasse i medium og kommunikasjon i Sogndal.

Helsefagarbeidarklassen i Måløy ser ut for å bli lagt ned. Transportfaget ved skulen blir derimot ståande.

Kan bli justert i mars

- Dette er kompromissløysingar. Men det ligg innanfor ramma. Men vi veit ikkje kva som vil komme i justeringssaka i mars, då det er søkjarmønsteret til elevane som avgjer, seier leiar Arne Hovland i hovudutvalet for opplæring.

Saka skal opp i opplæringsutvalet i dag. Alt tyder på at avgjerda blir slik Arbeidarpartiet og Senterpartiet er samde om.