Hopp til innhold

Gjekk seg vill - sov ute

Det vart i morgontimane søndag sett i verk leiteaksjon etter ein mann i 20-åra i Lærdal.

Men like før leiteaksjonen tok til i 10-tida søndag morgon, fekk Røde Kors-mannskapet på seks personar og luftambulansen på Ål, meldinga dei hadde venta på.

Mannen var komen til rette og leitaksjonen var avblåst.

Mannen var laurdag på fjelltru på ved Bjørkum, men kom ikkje attende som avtalt laurdag kveld. Timane gjekk utover natta, utan at mannen kom heim.

- Han hadde gått seg vekk og sov ute i natt. Han var godt utstyrt både med mat og klede. Han hadde berre med seg ein utanlandsk mobil som ikkje fungerte, så han fekk ikkje gjeve beskjed, opplyser politiet.