Hopp til innhold

Idol-Tone er god til å promotere

Upper class, bondetuppe og våt tenåringsdrøm. Det er kombinasjonen som har gjort at Tone Damli Aaberge har klart å halde seg i rampelyset så lenge.

Tone Damli Aaberge syng i finalen
Foto: Johannessen, Sara / SCANPIX

Det skriv Dagbladet-journalist Anne Gunn Halvorsen i ein kommentar.

Ho samanliknar Tone med Madonna. Bak det plettfrie ytre lurer det ei kvinne med ein særdeles velfungerande plan. I likskap med den amerikanske popstjerna kom hun til byen med to tomme hender og eit pent ytre, og ho klorte seg fast til rampelyset og karrieren som ingen trudde var mogleg.

Leverer

Som med Madonna er middelmådige plater brorparten av katalogen. Men når kniven rettast mot strupen har Madonna alltid klart å levere. I vår fikk Tone endelig bevist at også ho kan, når ho må. Tredjeplata «I Know» sel framleis strålende, godt hjelpt av at hovudpersonen var plassert i Melodi Grand Prix og i ein høgt profilert reklamekampanje for Nike då den kom.

I 2005 og 2006 var ho den mest brukte gjesten på norsk tv. Og det er ikkje kulturministeren eller Ari Behn vi snakkar om, men ei da 18 år gamal jente som har hoppa av vidaregåande og fått terningkast tre for platene sine.

Dyktig

Halvorsen meiner Tone er dyktig i det ho gjer, og ved å stoppe pressen ved dørstokken har ho skapt ein evigvarande interesse. Og det er hardt arbeid.

Tone har ikkje vunne noko av det ho har delteke i, plateselskapa har vendt ho ryggen etter skuffande platesal og managere har skiftet. Ho har vore prisgitt seg sjølv for å skaffe seg omtale. Ved å posere lettkledd på framsidene av Mann, fronte saft frå Lerum og fotografere seg sjølv på Sogndal-kampar og la andre fotografere seg i designkjolar på premierer.