Hopp til innhold

Fryktar tunnel-inferno

54 tunnelar i Sogn og Fjordane er dekt med svært brannfarleg PE-skum.

Tunnelbrann

Biletet er frå Statens Vegvesen sin test av PE-skumplater. Les meir om testen og sjå video lenger nede i saka.

Foto: Nyhetsspiller

Skummet blir nytta til vatn- og frostsikring, men har óg ein annan eigenskap – det er svært brannfarleg.

– Det er praktisk talt bensin i fast form, seier brannsjefen i Tromsø, Nils Ove Sollid, til NRK.no .

– Om skummet tek fyr vil ein kunne få eit formidabelt branninferno som gjer at ingen kjem seg ut av den brennande tunnelen. Brannmannskapa vil heller ikkje kome seg inn, åtvarar brannsjefen.

Vil fjerne skummet

PE-skum har vert nytta til vatn- og frostsikring i norske tunnelar sidan 1975, noko som har vore mykje billegare enn full utstøyping, som blir nytta i tunnelar i Mellom-Europa.

I 1987 kom det restriksjonar på å nytte skummet utan dekke over i Norge, og for få år sidan varsla Statens Vegvesen at dei ynskja å få slutt på bruken av skummet.

Men på seks år har dei berre fått fjerna det brannfarlege PE-skummet frå elleve tunnelar.

– Går framover

Vegdirektoratet, som er ansvarleg på nasjonalt plan, tykkjer dei gjer ein god jobb.

– Eg tykkjer det går framover. Det vil alltid vere eit behov for å gjere meir, men Stortinget gir oss pengar, og vi må fordele desse ut i frå kva vi tykkjer er riktig, seier han.

Test av tildekking

Forsøk viser at sjølv om ein dekker PE-skummet med seks cm betong, er det ikkje nok – skummet tar likevel fyr innanfor betongen. Ein må dekke til det brannfarlege stoffet med åtte cm armert betong og plastkuler.

I videoen under kan ein sjå Vegvesenet sin test av ein tunnelbrann i Runehamar testtunnel. Testen viser at branntryggleiken er god nok når PE-skummet er dekt av 8 cm betong.

I videoen brenn det 11.000 liter diesel 800 meter inne i tunnelen.

Video nsps_upload_2009_7_17_6_33_40_873.jpg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.