Hopp til innhold

Innbrotsbølgje i Måløy

Natt til mandag braut mindreårige seg inn i fleire bustader. Dei stal mellom anna lommebøker, ein moped, nokre syklar og diverse småting som fotoapparat og liknande.

Det skriv fjt.no .

– Til no har vi fått informasjon om fire innbrot, og her tikkar stadig inn fleire meldingar, fortel politibetjent Løvskar.

Fire personar

Fire personar er førebels pågrepne for ugjerningane.

– Vi har ikkje heilt oversikt enno, men fleire av gjerningsmennene er mindreårige, seier Løvskar.

Privatpersonar

Både politiet og privatpersonar som har vert utsette for lovbrota, har vore med på å fange dei unge innbrotstjuvane.

– Vi oppmodar folk om å passe ekstra godt på lommebøker og andre verdisaker. Husk å låse dører og pass godt på nøklar, seier Løvskar.