Bjørnen viser seg ikkje
Leitinga etter bjørn eller ferske bjørnespor i Jostedalen har vore resultatlaus fram til søndag ettermiddag.
Publisert 01.07.2006 12:47. Oppdatert 02.07.2006 16:51.
- Skriv ut
Mannskapa i fjella vart reduserte ut over laurdagen, men natt til søndag var det igjen mange utkikkspostar i dalen.
Bamsen må gje seg til kjenne
-Dersom det ikkje blir funne nye og ferske spor etter bamsen, vil jaktlaget bli permittert søndag, seier leiar av sankelaget i Jostedalen, Arne Bjørk.
Jaktlaget vil likevel vere i beredskap, men ein kjem ikkje lenger i jakta før bjørnen på nytt gjev seg til kjenne, seier Bjørk.

















Sol og sommar i fylket