Hopp til innhold

Ingen spor etter bjørnen

Dei som jaktar på Luster-bjørnen fann ikkje nye spor då dei leita i eit stort område i Jostedalen torsdag.

Einar Hesjevoll
Foto: Arne Eithun / NRK

I natt har dei hatt seks observasjonspostar plassert ulike stader i fjellet, seier Arne Bjørk i Jostedalen sankelag.

- Vaktpostane skal observere om det er bevegelse i saueflokkane på motsett side av dalen. Og skulle vi sjå bjørnen, må vi setje i verk tiltak rimeleg kjapt, seier han.

Håpar på hjelp

Bjørnespor
Foto: Arne Eithun / NRK

Dersom vaktpostane ikkje har observert noko mistenkeleg i løpet av natta, held leitinga etter spor fram i dag. I tillegg blir det møte mellom Fylkesmannen og Statens naturoppsyn om eventuell helikopterhjelp til å finne spor. Bjørk håpar dei får denne hjelpa.

- Vi har verkeleg behov for assistanse for å spore bjørnen opp. Dette blir som å famle i blinde, seier han.

- Håpar de at han har stukke av og kome seg austover?

- Viss vi hadde fått stadfesta at den var ute av området vårt for godt,  så hadde det vore det beste. Men viss bjørnen blir vekke og ingen ser den igjen, så sit vi med den gnagande kjensla at han slår til igjen kva tid som helst, seier han.