Hopp til innhold

Fotballkamp utløyste slagsmål

Ei kvinne måtte til sjukehus etter ein heftig diskusjon mellom Liverpool og Manchester United-supporterar.

Natt til søndag måtte politiet tilkallast etter at det oppstod ein heftig krangel mellom Liverpool og Manchester United-supporterar i Florø sentrum.

Sendt til sjukehus

Krangelen enda med at ei kvinne vart skubba i bakken slik at ho måtte til lege. Seinare vart ho sendt til nærmare undersøkjing ved sentralsjukehuset i Førde.

Dei andre personane vart tekne hand om av politiet og køyrde heim.

- Krangelen skjedde rundt stengetid utanfor ein utestad, så det det kan hende luntene har vore korte. Nokon hadde prøvd å dempe dei, seier operasjonsleiar Einar Vereide ved Sogn og Fjordane politidistrikt.

Liverpool vann 4-1 over Manchester United i kampen som utløyste den heftige krangelen.

Vald på utestad

På Eid vart ein person sendt med ambulanse til legevakta etter å ha blitt utsett for vald på ein utestad på Eid.

Gjerningspersonen stakk av frå staden, og identitetens hans er førebels ukjend. Men det var vitne til hendinga.

Angreip vakt

På ein utestad i Sogndal vart ei vakt angripen av ein gjest natt til søndag. Politiet viste vekk fleire kranglete personar frå staden.

Poiltiet vart også tilkalla då to personar krangla og var til sjenanse på ein utestad i Førde. Begge vart vist vekk frå staden etter bråket.