Hopp til innhold

Politiet etterforskar akupunktør

Statens Helsetilsyn vurderer no om ein akupunktør frå Sunnfjord skal bli tiltala for brot på lova om alternativ behandling.

Akupunktur
Foto: colourbox.com

Ei florøkvinne vart alvorleg sjuk etter eit akupunktørstikk i nakken. Overlegen som behandla kvinna ved Haukeland sjukehus sendte uromelding til helsetilsynet.

Avventar

- No er vi inne i ein fase der vi vurderer kva som har skjedd, seier assisterande helsedirektør Geir Sverre Braut.

Han seier at sidan akupunktøren ikkje er autorisert helsepersonell så har ikkje Statens Helsetilsyn nokon tilsynsrett. Men helsetilsynet kan sjå på lova om alternativ behandling paragraf ni.

Saka er meld til Statens Helsetilsyn av overlegen som behandla kvinna på Haukeland sjukehus for blødning i nakken etter stikk frå akupunktøren.

For kvinna vart til slutt så sjuk av stikket at ho vart frakta først til Førde sentralsjukehus, for deretter å fly rett til Haukeland sjukehus med luftambulanse. Der kom legane fram til at blødninga var ein direkte konsekvens av stikket kvinna hadde fått hjå akupunktøren.

Har tiltru til akupunktøren

Kvinna som vart sjuk har tiltru til akupunktøren trass i hendinga. Han sa den gongen det hende til media at han var svært lei seg for hendinga, og at han ikkje hadde opplevd noko liknande på dei 14 åra han har arbeidd som akupunktør.

Og Statens helsetilsyn har berre ei handfull slike saker i året.

- Det er ikkje mange slike saker vi har i året, kanskje fire fem stykker. Nokre av desse ber vi om ekstra hjelp frå politiet for å undersøkje, forklarar Braut.

Sendt til politiet

No ligg saka hjå Sogn og Fjordane politidistrikt som skal etterforske saka på vegner av helsetilsynet. Deretter vil dei ta stilling til kva som skjer i saka. Og det kan altså ende med påtale etter hendinga.

- For å få klarlagt nærare kva som er hendt vert altså saka sendt til politiet. Og det at pasienten er nøgd med behandlinga tek ikkje vi stilling til. Vi har ingenting med om pasienten er nøgd eller ikkje. Vi ser berre på om behandlinga har vore forsvarleg og innanfor regelverket. Om behandlinga ikkje er forsvarleg har anten vi eller politiet moglegheit til å begjære påtale av akupunktøren, seier Braut.