11.02.2012

Kvar er dette?

Kvar er dette? (Foto: Ottar Starheim/NRK)

Kvar er dette?

Denne gongen vil vi vite namnet på verksemda vi ser, og i kva bygd denne verksemda ligg.

Veit du kvar vi er denne veka? Send inn svaret og du kan vinne fire Flaxlodd. Hugs å skrive postadressa di. Frist for innsending av svar er onsdag 15. februar klokka 12.00.

Send inn svaret ditt






Eller send ein epost med svaret ditt: vevvandring@nrk.no

Oppgåver vi har hatt før

Ekspressbåten Vingtor passerer Vangsnes (Foto: Ottar Starheim/NRK)

Her spurde vi kvar fotografen stod då han tok biletet, og kva vi ser på andre sida av fjorden.. Svaret er at han stod på Vangsnes, og vi ser Hella på andre sida. Det visste Elisabeth Sætrehaug frå Hafslo, som sikra seg flaxlodda denne veka.

Gangbru over Jølstra i Førde (Foto: Kjell Arvid Stølen/NRK)

Denne gongen hadde vi henta motivet frå Førde, vi ser gangbrua over Jølstra frå Utstillingsplassen til Hafstad vidaregåande skule og ungdomshuset Viking på andre sida. Mellom dei mange som visste det har vi trekt ut Leif Arne Brekke frå Oppstryn som vinnar.

Borgund, tidl. Steinklepp i Lærdal kommune (Foto: Kjell Arvid Stølen/NRK)

Enormt mange svar denne gongen, dei fleste visste at vi skulle til Borgund, til tettstaden som tidlegare heitte Steinklepp. Før gjekk E16 her, no er vegen lagt utanom. Vinnar denne gongen vart Hege Anita Linnerud frå Askim.

Raftevolds Hotell på Grodås i Hornindal (Foto: Ottar Starheim/NRK)

Her var det enormt mange svar, dei fleste rette. Vi ser Best Western Raftevolds Hotel på Grodås i Hornindal. Mange hadde nok ikkje lese oppgåveteksten godt nok, for vi spurde etter både staden og namnet på overnattingsstaden vi ser. Og dei som har svara Raftevolds Hotel og Grodås hadde rett, at det og heiter Best Western er ikkje like viktig. Vinnar av fire flaxlodd vart Jorunn Fleten frå Haukedalen.

Bøyaøyri og Horpedalen i Fjærland  (Foto: Kjell Arvid Stølen/NRK)

Her er vi i Fjærland, og dalen vi ser midt i biletet er Horpedal. Dei som har sett godt etter har funne bomstasjonen som no er historie og har orientert seg ut frå det. Vinnar vart Sjur Dale frå Sogndal.

Jølstravatnet og Sanddalen frå Nonsnipa (Foto: Kjell Arvid Stølen/NRK)

Vi ser Jølstravatnet frå ein vinkel som er uvand for dei fleste, men ikkje for dei som bur på sørsida av vatnet og for dei som likar å gå på topptur på Nonsnipa (Sanddalsfjellet). Bygda vi ser nærast er Sanddalen. Vinnar denne gongen vart Torstein Berge frå Kongsberg.

Bø kyrkje ved Leirvik i Hyllestad (Foto: Ottar Starheim/NRK)

Rett løysing denne gongen var Bø kyrkje ved Bøfjorden og Leirvik i Hyllestad kommune. Mellom dei mange som visste det trekte vi ut Gudny Eriksmoen frå Sandane som vinnar.

Moldefjorden og Kjøspollen med Mannseidet mellom. (Foto: Stig Silden)

Vi ser Kjødepollen til venstre og Moldefjorden til høgre, og her er det Stad skipstunnel etter planane skal kome. Det var det mange som visste, og av dei har vi trekt ut Ivar Karlsen frå Øvre Årdal. Vi kan og nemne at vegen vi ser går over Mannseidet mellom dei to fjordarmane i Selje kommune.

Ramsdalsheia på Naustdalssida (Foto: Kjell Arvid Stølen/NRK)

Denne gongen var motivet frå Ramsdalsheia, på Naustdal-sida. Dette var fram til 1995 ein del av riksveg 5 mellom Førde og Florø. Mellom dei mange som visste det var Aud Andreassen frå Lavik. Ho får premie i posten.

Utkiksplattforma på Stegastein sett frå Aurlandsvangen

Vi trudde vi hadde gjort det vanskeleg denne gongen, men overraskande mange visste at det vi ser i himmelsjå er utsiktsplattforma på Stegastein på fjellvegen Aurland-Lærdal og at vi ser taket på Vangen kyrkje (også kalla Sognadomen) på Aurlandsvangen. Vinnaren må vi på andre sida av jorda for å finne, han heiter Jan Erik Haugen og bur i Singapore.

Rutledal ferjekai (Foto: Ottar Starheim/NRK)

Her ville vi vite kva ferjekai dette er. Dei aller fleste visste at dette er Rutledal ferjekai i Gulen (på sambandet Rysjedalsvika-Rutledal-Krakhella). Det markerte fjellet på andre sida er Lihesten i Hyllestad, og det var nok til hjelp i identifiseringa. Mellom dei som hadde rett svar trekte vi ut Solveig Råheim frå Førde.

Frøysjøen i Bremanger sett frå tur til Hornelen (Foto: Kjell Arvid Stølen/NRK)

Her var vi ute etter kvar fotografen har teke biletet frå, vi ville og vite kva havstykket der vi ser to skip heiter og namnet på øyane i bakgrunnen. Svaret er at biletet er teke på fjellplatået du må over når du går frå Hunskår til Hornelen (men vi godtek Hornelen), havstykket er Frøysjøen, og øyane vi ser i bakgrunnen er Batalden og Hovden. Mellom dei som visste det var Alf Erik Røyrvik frå Hyen, og han får tilsendt premie.

Askvoll sett frå sjøsida (Foto: Kjell Arvid Stølen/NRK)

Denne oppgåva var nok lett, for det var enormt med rette svar. Vi ser Askvoll sentrum frå ferja som går til Fure. Mellom dei som visste det trekte vi ut Ingolf Bergh frå Holvik i Vågsøy. Han får premie i posten.

Ortnevik sett frå fjellet mellom Måren og Lånefjorden (Foto: Kjell Arvid Stølen/NRK)

I denne oppgåva var vi ute etter namnet på bygda på andre sida av fjorden. Bygda er utgangspunkt/endepunkt for turar i eit flott fjellterreng, og vika som bygda ligg ved er så spesiell at du ved å leite på eit kart kan finne svaret. Rett svar er Ortnevik, her sett frå fjellet mellom Måren og Lånefjorden. Det visste mellom andre Edna Henriksen frå His. Premie kjem i posten.

Torskangerpoll og Hendanes fyr sett frå Kvalheim i Vågsøy (Foto: Ottar Starheim/NRK)

Her var vi ute etter namnet på bygda og vika midt på biletet og fyret som vi skimtar i fjellsida til høgre i biletet, og kvar fotografen har teke biletet frå. Svaret er Torskangerpoll, Hendanes fyr, og biletet er teke frå vegen mellom Kvalheim og Kråkenes. Det var det svært mange som visste, og mellom dei trekte vi ut Gunnhild Sindre frå Markane i Stryn som vinnar.

Kvar er dette? (Foto: Kjell Arvid Stølen/NRK)

På dette biletet ser vi Blegja (1304 m.o.h) i det fjerne, og fotografen er på veg ned frå Kvamshesten (1209 m.o.h), også kalla Storehesten. Mellom dei mange som visste det var Jens Petter Haavik frå Nordfjordeid, og han får premien denne veka.

Tungestølen ved Veitastrond med Kaldakari i bakgrunnen (Foto: Kjell Arvid Stølen/NRK)

Oppgåva vi la ut den 12. oktober var nok vanskelegare enn veka før, iallfall var det færre svar, og det var ikkje så rart at brorparten av svara kom frå Sogn. For vi skulle til Tungestølen i Luster kommune. Vi ser turisthytta som ligg om lag ni km frå Veitastrondsvatnet, med brear på nesten alle kantar. Vinnar denne gongen vart Dagrun Valaker frå Lærdal, som får premie i posten.

Gravhaugen Rundehogjen på Nordfjordeid (Foto: Ottar Starheim/NRK)

Rekordmange svar denne gongen, og nesten alle visste at vi skulle til Nordfjordeid, og at det er ein gravhaug vi ser på biletet. Haugen ligg mellom E39 og Eidsgata og blir kalla Rundehogjen. Vi trekte ut Gunnvald Stokkebekk frå Stavang som vinnar.

Gunhildvågen i Florø mot Ausesundet. DAT-fly tek av frå Florø Lufthamn (Foto: Kjell Arvid Stølen/NRK)

Dei aller fleste som sende inn svar kom fram til at vi skulle til Florø, men vi ynskte litt meir presist svar. Mellom dei som gav oss det var Frode Henry Solvik frå Naustdal. Han visste at vi ser over Gunhildvågen mot Ausesundet og øya Ausa til høgre. Og flyet vi ser har nett teke av frå Florø lufthamn. Fire flaxlodd til Naustdal denne gongen.

Indrevær i Solund (Foto: Merete Husmo Høidal/NRK)

Denne gongen var det færre svar enn vanleg, og det var mange av dei som svara som bomma på målet. For det var Indrevær i Solund vi skule fram til. Det er ein stad der få har vore, og øysamfunnet liknar på ein del andre stader langs kysten. Mellom dei som hadde rett svar var Anita Kvamme frå Årsheim på Stadlandet. Ho visste til og med namn på tre av øyane: Sumarsøyna, Lyngøyna og Slåttøyna. Fire flaxlodd til Stadlandet denne veka.

Lovatnet mot Vassenden med MB Kjendal og med Nesodden i framgrunnen (Foto: Kjell Arvid Stølen/NRK)

Dei fleste som sende inn svar (og det var mange) hadde kome fram til at dette biletet er frå Lodalen. Vi ser Lovatnet med turistbåten Kjendal på veg mot Sande, med Nesodden i framgrunnen. Der står ein kross til minne om dei to katastrofane som råka Lodalen då det rasa frå Ramnefjellet i 1905 og 1936. Der ligg og vraket av turistbåten Lodalen. Vinnar av fire flaxlodd denne gongen vart Karsten Sæten som bur i Molde. Men både etternamnet og lokalkunnskapen tyder på at han har opphavet sitt ikkje langt frå Lodalen.

Fylkesveg 53 Øvre Årdal-Tyin ved 400-meteren (Foto: Kjell Arvid Stølen/NRK)

Mange rette svar, naturleg nok mange frå Årdal denne gongen, sidan det var der biletet var henta frå. Vi ser fylkesveg 53 mellom Øvre Årdal og Tyin der den gamle vegen frå 1934 tek av mot toppen Heirsnosi. Staden blir i Årdal kalla for 400-meteren. Vi ser litt av Årdalsvatnet og fjellsida under Bøttejuv i bakgrunnen. Mellom dei som hadde rett svar trekte vi ut Inger Marie Wøllo frå Oslo, som m.a. skriv at strekninga frå Sletterust på gamlevegen ned til 400-meteren er Norges finaste sykkeltur.

Erdal i Førde (Foto: Kjell Arvid Stølen/NRK)

Denne gongen var det enormt mange rette svar, berre nokre få var feil. Vi ser Erdalen i Førde kommune frå fjelltoppen Klumpen. Vi ser riksveg 5 mot Naustdal og vegen som tek av mot avfallsplassen i Hesjedalen, og vi ser det store raset som gjekk for nokre år sidan. Mellom dei mange som hadde rett svar trekte vi ut Ole Røys frå Kalvåg som vinnar.

Elvaneset og Bukta på Sandane sett frå Austrheim

Dette biletet er teke frå Austrheim i Gloppen med Katahamrane industriområde i framgrunnen og med Elvaneset og Bukta i bakgrunnen. Mellom dei mange som visste kvar dette var trekte vi ut Solveig Kvame frå Sogndal som vinnar.

Kvamsøy i Balestrand (Foto: Kjell Arvid Stølen/NRK)

Dette haustmotivet viser Kvamsøy i Balestrand kommune, eit utsyn du får dersom du køyrer fylkesveg 55 frå Høyanger mot Balestrand. Bjarte Johan Erdal frå Erdal i Førde visste det, og han får premie i posten.

Coop Dale i Fjaler (Foto: NRK)

Denne veka hadde vi teke turen til Dale i Fjaler. Det var veldig mange rette svar, og frå den store svarbunka har vi trekt ut Nils Korsvoll i Sand. Premie kjem i posten.

Kjørnes camping i Sogndal (Foto: Kjell Arvid Stølen/NRK)

Vekas motiv var frå Kjørnes Camping i Sogndal, med sentrum i bakgrunnen. Mange rette svar og vi har trekt i Laila Loven i Sogndal som vinnar.

Austrheimsteinen i Gloppen (Foto: Ottar Starheim/NRK)

Her er vi ved Austrheimsteinen i Gloppen. Vekas premie går til Martin Waag på Bryggja.

Skei på 1950-talet (Foto: Dagfinn Reiakvam)

Biletet viser Skei på 1950-talet. Motivet er ein fiskekonkurranse. Premien var ein bil, men vinnaren hadde ikkje sertifikat. Reidar Nesje frå Stryn er trekt ut som vinnar denne gongen.

Nese i Arnafjord i Vik (Foto: Ottar Starheim/NRK)

Gunhild Gyland frå Hauge i Dalane visste at dette biletet er frå Nese i Arnafjord i Vik.

Riksveg 60 ved Brendefur i Hornindal (Foto: Ottar Starheim/NRK)

Kanskje ei nøtt dette, fordi vi fekk mange forslag på stader i heile fylket. Mange trudde at vi var på Breim. Men vi skulle til riksveg 60 ved Brendefur i Hornindal. Blant dei som visste at vi var i Hornindal, har vi trekt ut Britt Marit Pedersen i Ålesund som vinnar.

Fatlaberget sett frå Feios (Foto: Ottar Starheim/NRK)

Gunnar Nordgulen frå Kaupanger visste at vi ser Hermansverk og Fatlaberget. Biletet er teke frå Feios.

E16 gjennom Lærdalsdalen (Foto: Kjell Arvid Stølen/NRK )

Dette er E16 gjennom Lærdalsdalen, ved Ljøsne. Atle Grindheim frå Lærdal er trekt ut som vinnar. Og han er så lokalkjent at han kan informere oss om at det er "Ove-svingen" vi ser bilete av.

Brua over Naustdalsfossen (Foto: Ottar Starheim/NRK)

Biletet viser den gamle brua over Naustdalsfossen i Naustdal. Olav Kjenes frå nabokommunen Førde er trekt ut som vinnar.

Gryta Camping i Stryn (Foto: Kjell Arvid Stølen/NRK)

Denne veka hadde vi teke turen til Gryta Camping ved Oldevatnet i Stryn. Mange som kjente seg igjen, for vi fekk mange rette svar. Vi har trekt ut Grete Sandnes Ytre-Eide i Trondheim som vinnar denne veka.

RV 50 Aurland-Hol i Låvisberget (Foto: Merete Husmo Høidal/NRK)

Her er vi i Aurland, ved utsiktspunktet Låvisberget på riksveg 50 Aurland - Hol. Mange rette svar denne veka også, og vi har trekt ut Laila Karin Hjellum frå Holmedal som vekas vinnar.

Selje (Foto: Stig Silden)

Trur dette må vere bortimot rekord på innsende svar. Så Gisle Teige frå Deknepollen hadde stor konkurranse om å bli trekt ut som vinnar. Svaret er Selje sentrum og øya Selja utanfor.

Fjærland Fjordstue (Foto: Ottar Starheim/NRK)

Det var mange visste vi skulle til Fjærland - mellom anna Johnny Gjesdal frå Vassenden. Biletet viser Fjærland Fjordstue.

Hauge i Bremanger (Foto: Steinar Lote/NRK)

Denne veka skulle vi til Hauge i Bremanger. På biletet ser vi mellom anna kyrkja. Vi har trekt ut Kari Stokkebekk i Naustdal som vinnar.

Seimsdalen i Årdal (Foto: Kjell Arvid Stølen/NRK)

Her ser vi litt av Seimsdal i Årdal, med Austanbottentind over. Biletet er teke frå riksveg 53, litt vest for Naddvik, på sørsida av Årdalsfjorden. Vinnaren denne veka blei Bjørn Kalhagen frå Hafslo.

Lihesten i Hyllestad (Foto: Ottar Starheim/NRK)

Her ser vi Lihesten i Hyllestad kommune. Vi har trekt ut Renate Aardal frå Høyanger som vinnar av fire Flax-lodd.

Eikenes ferjekai i Askvoll (Foto: Ottar Starheim/NRK)

Vi skulle til Eikenes ferjekai i Askvoll. Nesten 800 svar denne veka, og mellom innsendarane har vi trekt ut Aud Irene Solhaug frå Leirvik i Sogn.

Rugsundbrua (Foto: Obin Aabrekk)

Her ser vi brua som går frå Rugsund til Rugsundøy i Bremanger. Vekas heldige vinnar er Erling Liset i Bremanger. Flax-lodd kjem i posten.

Kaupanger hovedgård (Foto: Kjell Arvid Stølen/NRK)

Vi fekk inn mange svar denne gongen. Dei aller fleste visste vi skulle til Kaupanger hovedgård, men det kom også inn forslag på andre stasbygg i fylket. Vi har trekt ut Kjell Hove frå Naustdal som vinnar av premie.

Brandangersundbrua (Foto: Vegard Foseide/NRK)

Dette er Brandangersundet bru, som går mellom Sandøy og resten av fastlandet i Gulen kommune. Den blei opna hausten 2010. Vi har trekt ut Torunn Åsnes frå Guddal som vekas vinnar.

Måløy sett frå Hornelen (Foto: Kjell Arvid Stølen/NRK)

Rett svar er Måløy, her sett frå Hornelen. Mange klarte vekas oppgåve, og vi har trekt ut Ulf Menes frå Kaupanger som vinnar.

Luftkampmuseet i Naustdal (Foto: Kjell Arvid Stølen/NRK)

Vi skulle til Luftkampmuseet og Håjen kafe i Naustdal. Vekas vinnar heite Almar Underlid og han bur i Eikefjord.

Utladalen i Øvre Årdal (Foto: Kjell Arvid Stølen/NRK)

Her er vi i Øvre Årdal. Vi ser Ve bru. Anne Sofie Rundereim i Kjølsdalen blei den heldige vinnaren denne veka.

Losjen i Eid (Foto: NRK)

Denne veka var på på Nordfjordeid i Eid kommune. På biletet ser vi Losjen med kyrkja i bakgrunnen. Mellom alle dei rette svara, har vi trekt ut Ove Nyheim får Sortland som vinnar.

Lillingstoneheimen i Fjaler (Foto: Ottar Starheim/NRK)

Dette huset er Lillingstonheimen som ligg i Fjaler. Vekas premie sender vi til Geir Øyvind Hovlandsdal i Høyanger. Gratulerer!

Fosnes i Oppstryn (Foto: Ottar Starheim/NRK)

Dette motivet var det mange som kjende att. Vi hadde teke turen til Fosnes i Oppstryn. Den heldige vinnaren er Jakob Myksvoll i Stryn.

Skjolden (Foto: Kjartan Kvien)

Rett svar på denne oppgåva er Skjolden som ligg i Luster kommune. Eva Engen i Skjolden får vekas premie. Vi gratulerer!

Evja i Florø (Foto: Ottar Starheim/NRK)

Over 1000 svar kom det inn denne veka. Vi skulle til Florø, nærare bestemt Evja-området. Han som får premie i posten er Svein Stusdal i Florø.

Postvegbru i Ytredalen ved Vadheim (Foto: Ottar Starheim/NRK)

Kjente du igjen denne brua? Det er ei gammal postvegbru som ligg i Ytredalen ved Vadheim i Høyanger kommune. Vekas premier går til Jill Jevnaker i Oslo.