Hopp til innhold

Fann gulrot med to "penisar"

Hilde Randi Grotle i Bremanger fann ei svært spesiell gulrot då åkerene skulle tømast i haust.

Denne gulrota drog Hilde Randi Grotle opp frå gulrotåkeren i haust.

Denne gulrota drog Hilde Randi Grotle opp frå gulrotåkeren i haust.

Foto: Hilde Randi Grotle

Ikkje berre viste den 1,006 kg på vekta - utan bust.

- Den hadde litt morosam fasong med to kryssa bein og to "penisar", ler Hilde Randi Grotle.

- Artig fasong

Tidlegare i veka fortalde NRK om Sten af Geijerstam frå Lavik som fann ei gulrot på 690 gram utan bust. Den blir berre for småkaren å rekne i høve gulrota som Grotle kom over i gulrotåkeren til far sin.

- Eg har aldri sett slik stor gulrot før. Og så var det jo den artige fasongen. Eg tenkte med ein gang at denne måtte vaskast og takast bilde av, fortel ho.

Denne gulrota drog Hilde Randi Grotle opp frå gulrotåkeren i haust.

Gulrota veg 1,005 kg og er godt større enn klesklypa til Hilde Randi Grotle.

Foto: Hilde Randi Grotle

Krympa 200 gram

Gulrota vart teken opp for to veker sidan. Sidan har den ligge i kjøleskapet til den vart konsumert i helga.

- Eg tok ho ut laurdag og vog henne. Då hadde den tapt seg og krympa til 830 gram. Då var det mest på tide å bruke den. Eg skar den i stykker og har gått og knaska på den. Søndag gjekk den med til middagen, fortel Grotle.

- Ikkje særleg god

Om gulrota var både stor og rar, så har Grotle smakt betre gulrøter.

- Den var ganske grov og ikkje like god som vanlege gulrøter, seier ho. Far hennar har dyrka gulrøter i kring 15 år. Det er han som set dei ut og lukar åkeren. Grotle har aldri sett liknande gulrot.

Får store, men...

- Vi har hatt mykje store gulrøter, men ikkje så store. Det er ei spesiell sandjord her, som viser seg å vere god for både poteter og gulrøter. I år tok vi til dømes opp ei potet på 825 gram, seier ho.

- Gulrøtene er også store. Enkelte for store og for grove, seier ho.

Gulrot på åtte kilo

I følgje nettsida til World Carrot Museum drog ein bonde i Alaska opp ei gulrot på heile 8,61 kilo for ti år sidan.

I følgje den same nettsida veg den største gulrota i Storbrittania 7,13 kilo.