Hopp til innhold

Apneseth heidra med minnepris

Hardingfeleutøvaren Erlend Apneseth fekk laurdag kveld Audhild Flaktveit Moxnes sin minnepris til unge utøvarar på hardingfele.

Erlend Apneseth og Marius D. Tufte står bak duoen Raid.

Erlend Apneseth (t.v.) eksperimenterer også med rock. Saman med Marius D. Tufte utgjer han duoen 'Raid'.

Foto: Oddleiv Apneseth

Det var Solgunn Margaret Flaktveit som stod for overrekkinga av prisen på 5.000 kroner under Vestlandskappleiken på Voss.

- Det var veldig kjekt. Prisen er først og fremst ein inspirasjon, seier den unge prisvinnaren frå Jølster.

Starta som ti-åring

Den nyetablerte prisen gjekk i fjor til Alexander Aga Røynstrand. 18-åringen frå Jølster vert difor den andre vinnaren. Apneseth starta å spele fele som ti-åring og har hatt Sigmund Eikås som sin læremeister.

- Dei siste par åra har han gjort det svært godt på t.d. kappleikar. Han har vunne både landskappleiken, vestlandskappleiken og fylkeskappleiken i si klasse, står det i grunngjevinga.

- Villig til å lære

Minneprisen er etablert til minne om Audhild Flaktveit Moxnes som var aktiv utøvar på hardingfele og dansa folkedans. Flaktveit Moxnes omkom i ei trafikkulukke 19. mars 2004, berre 17 år gamal. Apneseth har utmerka seg innan hardingfela.

- I tillegg viser han vilje til å oppsøke andre lærarar og inspiratorar og juryen har lagt vekt på hans eigeninnsats for å tileigne seg tradisjonsstoff frå fleire område, står det vidare i grunngjevinga.

Rock og fele

Apneseth utgjer saman med Marius D. Tufte bandet Raid på Sandane, der han brukar hardingfela i eit langt hardare og meir rocka musikkbilete.

- Det betyr ikkje at eg har gått vekk i frå folkemusikken. Prisen skal oppmuntre utøvarar på hardingfele til å utvikle seg, seier Apneseth og forsikrar at det har han tenkt å gjere.

Ny mikrofon

- Eg har vurdert å kjøpe ny mikrofon som eg kan feste på fela under konsertar. Det er ein dyr sak, men no spørs det om det ikkje blir, seier han og viser til pengeprisen på 5.000 kroner.

Apneseth deltek sjølv under Vestlandskappleiken der han forsvarar sigeren frå i fjor i hardingfele klasse C.

Topp to-plassering

- Det hadde vore kjekt å vinne i år også. Spesielt etter at eg fekk denne prisen. Eg tykte det gjekk bra og siktar meg inn på ei "topp to"-plassering, seier han.

I tillegg spelar Apneseth for Indre Sunnfjord Spellemannslag i lagspel. All spenning vert utløyst når premieutdelinga finn stad laurdag kveld.