Hopp til innhold

Vil legge jervehi på nett

Fylkesmannen vurderer å legge ut kart på internett som viser kvar jerven ynglar.

Jerv
Foto: Olav Åsland, Dyreparken

- Eg ser at det kan vere eit opplysande poeng å leggje ut området på nett. Då meiner eg ikkje sjølve hiet for det bør vel vere litt meir beskytta, men at det kan vere eit opplysande tiltak å vise området jerven held til kan vere eit tiltak me kan bruke hjå oss og, seier viltforvaltar hjå Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, Hermund Mjelstad.

Dobla i Møre og Romsdal

Etter at talet på jerveynglingar vart dobla i Møre og Romsdal det siste året, har viltforvaltar Ulf Lucasen i sommar lagt ut kart på internett som viser kvar jerven ynglar. Lucasen seier dei gjer dette fordi dei har sett at faren for skade på beitedyr er størst i områda der ynglinga skjer, og dermed kan karta hjelpe dei som har dyr i områda. Han understrekar at sjølv om dei peikar ut område for yngling så er det ikkje slik at dei peikar ut nøyaktig kvar i området hiet ligg

- Det er snakk om eit område på mange kvadratkilometer som blir vist, så det er ikkje snakk om noko utplukking av ein eksakt stad slik at ein kan gå inn i området med gps og gå rett på hiet, seier Lucasen.

Stor skade

Her i fylket har jerven dei seinare åra gjort store skade blant anna i saueområda i Sogn. Og sjølv om Stortinget har bestemt at vi ikkje skal ha ynglande jerv i fylket har det førekome ynglingar. Nøyaktige kartreferansar er likevel ikkje aktuelt i Sogn og Fjordane heller.

- Sjølv om det ikkje skal vere yngling skal uttaka gjennomførast at profesjonelt av offentleg personell. Ein kan jo tenke seg situasjonar der folk som ikkje har noko med saka å gjera går inn og gjer noko ulovleg, seier Mjelstad.