Hopp til innhold

Snarrådige naboar berga hus

15 år gamal einebustad i Førde var minutt frå overtenning. I kjellaren budde ei kvinne og eit spedbarn.

Brannskadane avgrensa seg til dette eine soverommet i loftsetasjen.

Brannskadane avgrensa seg til dette eine soverommet i loftsetasjen.

Foto: Cosmin Cosma / NRK

Det byrja å brenne i loftsetasjen medan huseigarane var vekke. Det er uvisst kva som starta brannen.

- Hadde det gått eitt par minutt til, så ville vi fått overtenning i rommet og det hadde blitt vanskeleg å få berga huset, fortel hovudbefal ved Førde brannvesen, Terje Guddal.

Stod om to minutt

Brannalarmsentralen i Florø fekk like før klokka 22.30 melding om brannen i bustadhuset i Slåttebakkane. Naboar såg flammane slå ut vindauge i loftsetasjen og melde frå til brannalarmsentralen. Fleire i brannvesenet budde like i nærleiken. Dei kom tidleg til staden og tok seg inn og slo ned flammane til resten av mannskapet kom.

- Loftsetasjen ville vore overtent om det hadde gått eit par minutt til. Det var veldig høg temperatur og det var opne flammar. Då vi gjekk på med skum, gjekk vindauga, fortel Guddal.

Berre flaks

- Hadde dette starta i 24-tida, så hadde gjerne naboane gått til sengs og ikkje sett dette. Då hadde vi snakka om ein alvorleg husbrann, held Guddal fram og legg til:

- I tillegg var det dørene i huset lukka. Det reduserte tilgangen til oksygen og var med på å redusere utviklinga av brannen. Hadde dørene stått opne, så hadde flammane fått oksygen, seier han.

Spedbarn i kjellaren

Då brannmannskapet kom til staden hadde ikkje kvinna i kjellaretasjen fått med seg dramatikken i hovudetasjen.

- Vi fekk både ho og spedbarnet ut då vi kom, fortel Guddal. Huseigarane kom til staden ein halvtime etter brannen.

- Dei var stille fortvila, men vart letta då dei skjønte kor gale dette kunne gått, seier Guddal.

Brannskadane avgrensa seg til dette eine soverommet i loftsetasjen.

Brannskadane avgrensa seg til dette eine soverommet i loftsetasjen.

Foto: Cosmin Cosma / NRK