Hopp til innhold

Leiteaksjon i Vågsøy

Det vart sett i gang leiteaksjon etter to tyskarar i nærleiken av Kråkenes fyr søndag føremiddag.

Halfdan Grieg

Redningsskøyta 'Halfdan Grieg' deltok i leitinga'

Foto: Bjarne Eldevik

Dei var ute på sjøen i ei snekke for å fiske, og når dei ikkje kom tilbake til avtalt tid vart dei melde sakna.

Mannen som hadde leigd ut snekka og redningsskøyta "Halfdan Grieg" drog ut for å leite. I halveitt-tida, kkje lenge etter at dei sette i gang søket, fann dei turistane i god behald.

Høyrde ikkje telefonen

Tyskarane hadde ikkje høyrd telefonen då dei på land hadde prøvd å ringe til dei, så dei visste ikkje at dei var sakna.

- Dei var veldig leie for alt oppstyret dei hadde stelt i stand, opplyser mannskapet på redningsskøyta.