Hopp til innhold

Hundar sprenger sau

- Folk må passe på hundane sine, ber saueeigar Hans Petter Vereide.

Død sau i Bjørkedalen

Fleire sauar har i år sprengt etter å ha vorte jaga av hund.

Foto: Dagfinn Bjørkedal

Fleire sauer og lam har i år vorte bitne i hjel og jaga av lause hundar. For nokre veker sidan fann ein saueigar i Flekke i Fjaler dyr som var skambitne i halsen og på sida.

- Vi er forbanna

Hans Petter Vereide opplevde denne veka å måtte hente heim eit daud lam med blod rundt nasa og skum frå munnen.

- Vi er irriterte og forbanna. Det er mykje som tyder på at lammet blei jaga av ein hund, seier Vereide.

Han fortel at også dyrlegen meinte lammet var sprengd etter å ha blitt jaga.

- Folk må passe på hundane sine, seier han frustrert.

Absolutt bandtvang

Jan Bjarte Skrøppa i politiet legg vekt på at det er absolutt bandtvang frå 1.april til 20. august. Då er det ikkje noko unntak for å slippe hundane laus.

- Det hjelper ikkje at folk seier at hunden deira ikkje er interessert i sau. Ein har ingen garanti for det. Vi må passe på hundane våre, seier han.

Avliving

Konsekvensen kan bli stor for ein hund som vert oppdaga medan han jagar, sprenger eller bit i hjel ein sau.

- Viss hunden ikkje lar seg fange umiddelbart på staden, kan avliving vere ein mogelegheit for å forhindre meir skade, seier Skrøppa.