Hopp til innhold

- Meir resolutt rovdyrpolitikk

Regjeringa lovar no ein meir resolutt rovdyrpolitikk. I Sogn og Fjordane har det den siste tida vore meldt at både ulv og bjørn har drepe sauer.

I Sogn har jerven vore eit stadig tilbakevendande problem for saubøndene.

No lovar Statssekretær Ola T. Heggem i Landbruks- og matdepartementet at det skal bli lettare å få ta ut skadedyr. 

Den siste tida har bjørn drepe seks sauer i Fjærland og truleg to i Gaular. Det er observert ulv i Sogndal, og kvart år gjer jerven store innhogg i saueflokkane i indre Sogn. Den seinare tida har det også vore ynglande jerv i området, noko styresmaktane for fleire år sidan bestemte at det ikkje skulle vere, og Heggem forstår frustrasjonen til saubøndene.

Men no skal reaksjonstida ned betrakteleg, lovar Heggem. Kommandolinja skal gjerast kortare, med andre ord skal tida frå rovdyrskaden blir meld til fellingsløyvet ligg på bordet bli langt kortare enn i dag.