Hopp til innhold

Stort stipend til Viken

Journalisten Anne Viken frå Gaular er tildelt Nordisk Råd sitt journaliststipend på 40.000 kroner.

- Dette var veldig kult, eg er kjempebegeistra, seier ho til firda.no.

Tre søkjarar fekk pengar frå Nordisk Råd, men Viken fekk klart mest. Dei to andre fekk 25.000 kroner kvar.

Pengane skal ho bruke på å reise til Barentsregionen der ho skal snakke med lokale næringslivsleiarar og politikarar om næringsuvikling, sysselsetjing og vekst i Nord-Sverige, Nord-Norge og Russland.

– Eg er veldig oppteken av å møte folk lokalt, seier Viken, som var nøgd med grunngjevinga til komiteen som gav ho stipendet:

«Komiteen setter særlig pris på hennes interesser for de lokale perspektivene i Barents-samenheng.»

– Eg hadde veldig lyst på dette stipendet, så eg la sjela mi i å skrive ein god søknad. Eg likar ikkje så godt berre å sitje på kontor. Eit slikt stipend passar meg difor perfekt, seier Viken til firda.no.