Hopp til innhold

Mistar ikkje lappen etter burning

Arild Reiakvam mistar likevel ikkje førarkortet etter "burninga" i Førde.

BT Måndag 19. mai

Det var då biletet til denne artikkelen skulle takast at politiet greip inn.

Foto: Faksimile frå BT

Fredag demonstrerte den unge rånaren ”burning” på ein parkeringsplass på oppmoding frå Bergens Tidende.

Då dukka ein politibetjent opp og beslagla førarkortet hans.

Dette hende under fotografering i samband med Sogn og Fjordane Teater si oppføring av stykket ”Burn baby, burn”. Politiet vil nekte teateret å sette opp "rånestykket".

Les også: Politiet kan gripe inn i premieren

- Hadde ikkje trudd dette

I dag fekk Reiakvam førarkortet tilbake, skriv bt.no. Han er veldig nøgd med avgjerda.

- Dette hadde eg faktisk ikkje trudd. Eg var redd eg måtte vente i tre månader, seier han til nettavisa.

Men sjølv om han fekk førarkortet tilbake, må han likevel betale ei bot på 6.000 kroner etter "burninga" på parkeringsplassen.

- Ikkje farleg nok køyring

Politifullmektig Erling Melvær i Sogn og Fjordane politidistrikt seier at køyringa ikkje var farleg nok til at han missar lappen.

- Han måtte til dømes ha mista kontrollen over bilen og det måtte ha vore ein konkret faresituasjon. I dette tilfellet var det ikkje så stor fare for skade på verken folk eller bil.

Les også: