Hopp til innhold

Sauebønder fryktar fleire rovdyr

Bøndene fryktar no at både bjørn og ulv har forsynt seg av sauer på heimebeite siste tida.

Johnny Følling.
Foto: Steinar Lote / NRK

Etter fleire sauedrap i Sogn og Fjordane siste tida, fryktar fylkesleiar i bonde- og småbrukarlaget, Johnny Følling at store rovdyr skal bli langt vanlegare i fylket.

I forrige veke vart sauer i Sogndal drepne av det som kan vere ein ulv, i Gaular er det i følgje Firda sjanse for at det er bjørn som har drepe sauer, og i tillegg har gaupa forsynt seg av sauer i Sogndal. No fryktar Johnnyy Følling at Sogn og Fjordane skal bli eit rovdyrfylke;

- Vi er uroa for at det vert meir rovdyr, og her i Sogn og Fjordane skal jo ikkje desse store rovdyra vere.

Tvilar på påstandane

Seksjonsjef i Direktoratet for naturforvalting, Terje Bøe, ser ikkje vekk frå at det kan kome fleire rovdyr til fylket, men han deler ikkje frykta for at det kan bli eit problem.

- Med ein veksande stamme av til dømes gaupe og ulv, kan jo det bety at ein får fleire besøk av streifdyr. Men eg tvilar på at det gjev grunnlag for påstå at det er ein dramatisk auke i talet på rovdyr i Sogn og Fjordane.

Men den tvilen delar ikkje småbrukarleiaren;

- Rovdyra veit jo ikkje kvar grensa går. Når det vert fleire rovdyr, så vil jo dei spreie seg. Då er jo ikkje vegen så lang til Sogn og Fjordane og, meiner Følling.