Hopp til innhold

Kvar er hubroen?

Den utrydningstruga ugla Hubro er no så sjeldan at folk blir bedne om å melde ifrå om dei ser fuglen.

Hubro
Foto: Kjell Grimsby

Kjetil Mork i Norsk Ornitologisk Foreining seier dei treng hjelp til å finne ut kor mange det er att. 

I Stryn er det til dømes ikkje sett hubro på fleire år.

- Dei siste observasjonane i Stryn som eg kjenner til var i 2003. Det var ein hubro som vart funnen død under ei kraftline. Og det er ganske typisk for mange av dei observasjonane som er gjort no til dags. Det er individ som er drepne av ulike grunnar og kraftlina er ein stor syndar slikt sett, seier han.

Omfattande jakt

Hubroen vart freda i 1971, men før det var den utsett for omfattande jakt. På 60-70-talet kom miljøgifter, og når hubroen sit øvst i næringskjeda vart den hardt ramma.

- I nyare tid er hytteutbygging langs kysten og vindparkar trugsmål mot hubroen. Det har blitt til dels dårlegare næringsgrunnlag fordi ein del byttedyr som hubroen et har blitt sjeldnare. Det er eit ganske samansett bilete og det er mange faktorar som spelar saman.

Kortsluttar linene

Mellom anna kraftliner trugar med å utrydde den store ugla.

- Dei har vore rekna som ei av dei viktigaste dødsårsaken for hubroen. Den sit ofte på stolpane og speidar etter byttedyr. Når han lettar har han stå stort vengespenn at kraftlinene vert kortslutta og hubroen stryk med.

Mork ber dei som ser hubro blir bedt om å kontakte foreininga.