Hopp til innhold

- Moralisme å kritisere knoting

Kritikken av talemålet til kunnskapsministeren er moraliserande og lite gjennomtenkt. Det meiner Brit Mæhlum som er professor i nordisk språk.

Undervisningsminister Bård Vegar Solhjell
Foto: Ulveseth, Birte / SCANPIX

I eit lesarinnlegg kom tidlegare leiar i naturvernforbundet Erik Solheim med ramsalt kritikk av ministeren frå Naustdal sitt talemål.

No går Mæhlum hardt ut mot Solheim sin kritikk av knoting.

- Å knote er ikkje fordummande, seier Mæhlum.

Les også: - Snakkar som eit trestykke

Gjekk kraftig ut

Brit Mæhlum

Brit Mæhlum

Foto: Lisa Olstad

I førre veke gjekk lektor og tidlegare leiar i Naturvernforbundet, Erik Solheim, kraftig ut og kritiserte kunnskapsministeren si knoting. I innlegget i avisa Firda skreiv han mellom anna:.

”Den eleven som kjem i skade for å høyre statsråd Solhjell i radio eller fjernsyn, får vite at språket er noko av det minst viktige i verda. Her er ikkje rett eller gale, her er ikkje nynorsk eller bokmål, her er stein og poteter om eit anna.”

Språk er ikkje statisk

Innlegget har ført til ei rekkje heftige debattar på ulike nettsider, og Mæhlum stiller seg svært kritisk til det Solheim skriv .

- Det går ikkje an å begynne å moralisere over slike ting. Du kan ikkje vente at språk er statisk. Språket er i endring heile tida, og det går ikkje an å krevje at språket skal vere slik det alltid har vore og at alle skal halde seg til det.

Mæhlum påpeiker at det for nokon kan følast naturleg å gjere litt om på språket sitt. Og det er ikkje rett å tru at det finns berre ein fasit.

- Det er i samsvar med eit ideal om språk og identitet og at vi må halde på det heile livet. Men for mange er det naturleg å leggje om språket, seier ho.

- Blanda i ei suppe

I innlegget skriv Solheim også at Solhjell blandar bokmål og nynorsk når han pratar på fjernsyn eller i radio.

- Nynorsk og bokmål er skriftsspråk. Vi brukar ikkje å seie at vi pratar bokmål eller nynorsk, vi pratar dialekt. Så her blir talemål og skriftmål blanda i ei einaste suppe.