Hopp til innhold

Drog med seg pumpa

Det gjekk nok litt fort for seg for sjåføren som var og tanka diesel på Shell-stasjonen i Måløy.

Dieselpumpe riven over ende i Måløy
Foto: Bjarne Eldevik

Dieselpumpe riven over ende i Måløy
Foto: Bjarne Eldevik

For mens han fylte, sette han seg like godt inn i bilen, starta opp og køyrde.

Dieselpistolen stod godt fast i tankholet, og resultatet vart at heile pumpa følgde med då han køyrde.

Det var i løpet av søndagen den uheldige bilføraren var for å fylle diesel. Ingen vart skada i uhellet - bortsatt frå pumpa.

Det er førebels usikkert kor store skader pumpa fekk. Det skal kome ekspertise og sjå på ho i løpet av dagen.

Dagleg leiar ved bensinstasjonen, Olaf Barmen vil ikkje uttale seg i saka. Men han seier det ikkje er uvanleg at bilistar køyrer frå pumpa med pistolen i tanken.