Hopp til innhold

Høgsterett-medhald til Amundsen

Kjæremålsutvalet i Høgsterett har avvist ein anke frå tre kvinner som saksøkte Florø-mannen Rune Amundsen.

I Gulating lagmannsrett vart dei tre kvinnene dømde til å betale Amundsen 450.000 kroner i sakskostnader. Dette anka dei til Høgsterett, men kjæremålsutvalet konkluderer med at anken ikkje kan føre fram, skriv Firdaposten.

Dei tre kvinnene gjekk til sak mot den tidlegare psykologen for feilbehandling. Men saka vart lagd bort, og Amundsen kravde å få dekt 600.000 kroner i sakskostnader. Lagmannsretten avgjorde at han skulle få 450.000 kroner, og denne dommen er no rettskraftig.