Skal jakte på to jervar

Direktoratet for naturforvalting set i gang jakt på jerv i Luster og Sogndal i vår.
Publisert 18.03.2006 08:45. Oppdatert 18.03.2006 08:47.
- Skriv ut
Store tap av sau på fjellbeite siste åra er årsaka til at direktoratet gjev ekstraordinært fellingsløyve på to dyr.
Mykje jervespor
- Det er relativt mykje jervespor no rett etter at lisensjakta er over. Dermed kan vi slå fast at det er ein del jerv i området. Til våren er det store fare for at det blir yngling, noko som ikkje er ynskjeleg, seier konsulent hjå Fylkesmannen, Hermund Mjelstad.
God tru
Fylkesmannen har høve til å gje såkalla lisensjakt på jerv inntil 15. februar, og gav tre løyve i vinter. To jervar vart felte.
No startar direktoratet sjølv jakt gjennom naturoppsynet. Jakta startar 20. mars og varer til 7. april. Mjelstad trur dei har god sjanse til å ta jerven.
- Naturoppsynet har høve til å bruke både scooter og helikopter, og dermed har dei større sjanse til å få tak i jerven, seier han.
Vurderer å ta ut hi
Dersom ein finn hi skal det vurderst om dei også skal fjernast. Erfaringsmessig er det då skadenivået blir redusert kraftigast, seier Mjelstad.
Sogn
- Sogndal 2 vann målrikt lokalderby
- Biltjuv fakka i Årdal
- Cruisehamn gir nytt håp for hotell
- Russarane trekkjer importforbodet
- Går glipp av nyetablering
- Veolia vurderer å klage
- Fylkesbaatane vann
- Rallarvegen i forfall
- - Sogndal framfor Skjolden
- Sogndalselevar best i retorikk
- Vik skisenter ber om pengar
Siste: Sogn og Fjordane
- Fekk nytt løyve til å avlive jerv
- Ho er 90 og hekta på data
- Viktig bortesiger for Saga
- Valsvik skåra for landslaget
- Håper folk vil gi pengar til søk
- Tapar pengar på skadd kraftverk
- Må betale dyrt for å bryte kviletid
- Tok avskjed med Ottar Starheim
- Grunnstøytte på draumeturen
- Gir nytt liv i Trollebø-fabrikken
Siste: Sogn og Fjordane
Fekk nytt løyve til å avlive jerv - Ho er 90 og hekta på data
- Viktig bortesiger for Saga
- Valsvik skåra for landslaget
- Håper folk vil gi pengar til søk
- Tapar pengar på skadd kraftverk
- Må betale dyrt for å bryte kviletid
- Tok avskjed med Ottar Starheim
- Grunnstøytte på draumeturen
- Gir nytt liv i Trollebø-fabrikken

















Sol og sommar i fylket