Hopp til innhold

Offentleggjer gjeld og personnummer

Personnummer, bankkontonummer og lånegjeld. Nok ein gong offentleggjer kommunar i Sogn og Fjordane personopplysningar på Internett.

Internett
Foto: Cornelius Poppe / Scanpix

Aurland har eit dokument på nettsida si som viser fødselsnummeret til tre personar.

I forige veke hadde Gloppen eit dokument liggande ute på heimeside som viste både bankkontonummer, fødselsnummer og gjelda til ein person.

Mislikar praksisen

Jan-Inge Magnussen mislikar at han og to andre personar i Aurland ligg ute med fødselsnummer på nettsida til kommunen.

- Det er synd at slik skjer. Det er skremmande at kommunen legg ut identiteten min på nettet, seier han.

Ikkje første gongen

Sidan 5. januar i år har personnummeret til både Magnussen, kona og svigermora vore synlege i den elektroniske postjournalen til Aurland kommune.

Det er ikkje første gongen dette skjer i kommunar i Sogn og Fjordane. I april i fjor la Bremanger kommune ut dokument som inneheldt fødselnummer til privatpersoner.

- Kommunane bryt lova

Informasjonssjef i Datatilsynet, Ove Skåra, seier dette ikkje skal skje.

- Når det gjeld fødselsnummer er det heilt klart at ein kommune ikkje skal publisere dette på Internett. Reglane er faktisk slik at dei ikkje kan sende brev der fødselsnummeret er synleg i vindaugekonvolutten ein gong. 

Viss uvedkomande får tak i namn og fødselsnummer kan dei i verste fall stjele identiteten din.

Personleg lånegjeld

Rådmann i Aurland kommune, Mogens Schanke Eikum, seier til NRK at det må ha skjedd ein glipp. Han kjenner ikkje saka, men skal no finne ut kva som har skjedd.

Også Gloppen kommune har lagt ut personopplysninger på nettet. I forrige veke låg eit dokument ute med både bankkontonummer, fødselsnummer og informasjon om kor mykje personen hadde i gjeld.

Forbanna rådmann

Rådmann i Gloppen, Martin Lyngstad, beklagar det som har skjedd.

- Det er nokon som ikkje har gjort jobben sin.

- Men kor alvorleg synest du det er at fødselsnummer vert offentleggjorde på heimesida dykkar?

- Slik skal ikkje skje. Det er rot. Det er ikkje meir å seie om det.

- Viss du hadde opplevd at fødselsnummeret ditt låg ute på ei nettside, korleis hadde du reagert?

- Då hadde eg vorte forbanna. 

Sjekkar breva

Men viss du sender eit brev til Aurland eller Gloppen kommunar, kan du altså ikkje føle deg heilt trygg.

Lyngstad meiner likevel at kommunen har rutiner som er gode nok. 

- Breva vert sjekka. Og viss der står fødselsnummer i dei skal det sladdast.

- Må vakne

Lyngstad vil no sjå nærmere på kva dei kan gjere for å hindre at personlege opplysningar vert presenterte på nettsida til kommunen igjen.

- Vi har tydelegvis gjort ein feil her, og skal vi unngå at slik skjer igjen må vi verte endå meir vakne enn vi har vore no.