Hopp til innhold

Berre Flora er budd på verre klima

Flora er den einaste kommunen i landet som har laga planar for korleis ein skal takle klimaendringane.

I dag la FN fram ein stor rapport der det kjem fram at Norge kan bli hardt ramma av klimaendringar.

Havet stig

Vestlandet blir hardast råka av klimaendringane ifølgje rapporten. Breane minkar dramatisk og ein kan vente at fjordane vil stige 40 cm dei neste 100 åra. Middeltemperaturen vil også stige med 2,5 til 3,5.

- Vi har hatt ei samarbeid med Vestlandsforsking. Mellom anna har vi sett på korleis næringslivet kan bli utsett. I samband med byggjedelplanane har vi også sett på rasfare og konsekvensane av at havet vil stige, seier plansjef Bang Olsen i Flora kommune.

Ikkje hus i sjøkanten

- Vi har også heva grensa for kor nær sjøen ein kan byggje hus, seier Bang Olsen.

Kommunen har også laga retningslinjer for dei nye bustad- og industriområda i kommunen med tanke på klimaendringane.